Kategoriarkiv: nettutgåve

Barbro Lindgren og Olof Landström: Boka om Benny

Boka_om_BennyTo herlege bøker om veslegrisen Benny samla i éi! Barbro Lindgrens veslegris Benny er ein av dei tøffaste og mest elska grisene i barnebokverda.

I Neimen, Benny må Benny rømme heimanfrå når mor hans vil putte Veslenøff i vaskemaskina. Men kvar skal han bu då? Når det røyner på, kan det vere godt å finne ei grop å rulle seg i.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Neimen, Benny

I Jamen, Benny får Benny ein veslebror. Han ønskte seg det, men så går han fort lei. Heile dagen syg veslebroren på smokken sin, og Benny får ikkje smake. Men storebrør kan vel òg bruke smokk?
Les meir

Helme Heine: Venner

VennerVennene som vi får lese om i denne boka er hanen Herman Hanekrone, grisen Svein Slafs og musa Mattis Musevik. Dei lever på ein gard i lag med mange andre dyr, men dei stikk seg i grunnen litt ut frå dei andre dyra, litt fordi dei er litt menneskeaktige, og litt fordi dei av og til finn på ting som får dei andre til å bli ståande der og sjå litt forundra ut.

Les meir

Sanning og draum

sanning_og_draumI dette heftet har Nynorsksenteret samla teikneseriar frå seks ulike serieskaparar.

Seriane som er med:
«Skulen» av Jorunn Hanto-Haugse
«Bjartmax Bjartmanus mimrar om krigen» av Øystein Runde
«Paradis.no – attvitja» av Les Inkwell
«Draumen» av Jorunn Hanto-Haugse
«Havet» av Øystein Sandvik Ottesen
«Tommelfingerreglar» av Øystein Runde
«Skammekroken» av Jens K. Styve
«Mykje vil ha meir» av Jorunn Hanto-Haugse
«4. klasse» av Jens K. Styve
«Hr. Post-it» av Fredrik Rysjedal

Les meir

Nynorskopplæring: Teikneseriespesial

TeikneseriespesialDette heftet er ein antologi med tolv nyare teikneseriar på nynorsk.

Samansette tekstar er eit emne som har fått ei viktig rolle i lære­planen for norskfaget. Bruk av teikne­seriar kan vera ein motiverande og spanande innfalls­vinkel til emnet. Diverre er det slik at mange av dei gode nynorske teikneserie­titlane berre er tilgjengelege i stutt tid og i små opplag med avgrensa distribusjon. Difor har Nynorsksenteret laga dette spesialheftet med nynorske teikneseriar.
Les meir

Art Spiegelman: Maus

Spiegelman_MausTeikneserieklassikaren Maus – historia til ein overlevande er endeleg tilgjengeleg på norsk att, i Lars Amund Vaage si nynorske omsetjing. Me følgjer to parallelle historier i boka. Den eine er forteljinga om korleis Vladek Spiegelman, far til Art, vert råka av jødeforfølgingane i Polen og nær drepen i Auschwitz. Den andre forteljinga er om Art Spiegelman sjølv og arbeidet hans med å skriva ned og laga teikneserie av augevitneskildringane til faren. Gjennom arbeidet freistar han skjøna meir av både soga, faren og familien sin, men det er ikkje alltid like lett. Som han sjølv seier i ein replikk på side 176: «Eg kjenner meg så inadekvat når eg prøver å rekonstruere ei fortid som er verre enn mine svartaste draumar. Og å prøva å gjera det i ein teikneserie!» Men resultatet vart ikkje berre bra, det vart so bra at Spiegelman vann Pulitzerprisen for teikneserien. Les meir

Annlaug Auestad: Kuvenninnene

KuvenninneneDette er ei bok om venninnekyr. Ei bok om Jorun som er blank i pelsen, Konni som har fin bjølle, Gullhorn med dei flottaste horna, og Berta med dei største jura …

Som andre venninner begynner kyrne å krangle om kven som er finast og best, og til slutt sprekk det for Jorun. Ho ORKAR ikkje all kivinga!

Ei humoristisk bildebok om kyr, vennskap og krangling. Her er det rauting av ypperste klasse.
Les meir

Annlaug Auestad: Neppe

NeppeEi vakker lita biletbok for dei aller minste, i glade, lyse fargar. Neppe er ein liten bamse, som leitar etter yndlingsleika si, menneskedokka Nisse.

I klassisk peikebokstil går vi frå side til side og leitar, og først er det dei andre leikekameratane til Neppe som dukkar opp, ein etter ein, alle med namn som startar på N: Nøtte og Nille og Nusse. Alle tilbyr seg å bli med på leitinga etter Nisse. Korleis det endar, skal vi ikkje røpe her! Men godt går det. Annlaug Auestads bilete har sjarm og karakter, og byr på fine detaljar som den vesle lesaren av bileta veit å verdsetje.
Les meir

Max Velthuijs: Frosken og haren

Frosken og harenNy bok i serien om «Frosken og vennene» for dei aller minste kjem no ut på Det Norske Samlaget. Frosken og vennene finn på hyggelege ting å gjere saman.

Denne gongen er det Frosken og haren som arbeider i og rundt huset. Dette er hendige kartongbøker i peikebokformat som har appell til barn frå eittårsalderen og oppover, og som toler små uvørdne hender.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Frosken og haren