Kategoriarkiv: nettutgåve

Hans Sande og Gry Moursund: Arkimedes og brødskiva

Arkimedes og brødskivaEi vill og leikande forteljing omkring to naturlover: brødskiva landar alltid med smøret ned og katten landar alltid på føtene. Pappaen til Evreka er oppfinnar, og Evreka gjer eit utruleg forsøk som opphevar tyngdekrafta, katten Arkimedes kan flyge!

Boka er leikande og lett, men handlar likevel om naturlover, om samspel og omsorg mellom menneske og dyr, og om konfliktar mellom far og dotter. Referansane til den klassiske Arkimedes i badekaret og oppdaginga hans er like luftige som resten av forteljinga, og kjennskap til denne historia er slett ikkje nødvendig for å ha glede av boka. «Arkimedes og brødskiva» passar for ungar i alle aldrar, for her er sjonglering med humor og alvor, ein grenselaus leik med ord og bilde, og realistisk og kvardagsleg handling som brått glir over i det fantastiske.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Arkimedes og brødskiva

Max Velthuijs: Frosken og den spesielle dagen

Frosken_og_den_spesielle_dagenFrosken på ferde igjen!

Ein morgon når frosken vaknar, hugsar han det haren sa: Dette er ein heilt spesiell dag.

Men kvifor? Frosken går ut og spør vennene sine, men dei svarar i hytt og ver – og haren er ikkje heime. Gråtande går frosken til slutt heimover. Men kva er dette? På hustaket hans er det eit flagg, og innanfrå høyrest stemmer. Frå engelsk ved Hanna Midtbø.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Frosken og den spesielle dagen

Eva Jensen og Inger Lise Belsvik: Alle i Alta kan

Alle i Alta kanEva Jensen fortel at ho lenge hadde hatt lyst til å skrive ein poetisk ABC for barn. Ho var inspirert av mellom anna Olav H. Hauges ABC. Boka med alfabetdikt kom i 2000 og er illustrert av Inger Lise Belsvik. Her er diktet til bokstaven A:

Alle i Alta kan
alle i Alabama kan
alle i Alaska kan
alle i Asia kan

men apa kan ikkje
og anda kan ikkje
og anakondaen kan ikkje
og ansjosen kan ikkje

Kan ikkje kva? Lære alfabetet, vel!

Etter kvart fekk Jensen idear til to nye biletbøker, slik at det vart ein trilogi. «Skulestarttrilogien» vert han gjerne kalla. Først kom Tre høns på plenen og fire egg. Denne boka er illustrert av Gry Moursund, vart nominert til kritikarprisen for 2002 og er omsett og seld til fleire land både i Europa og i Asia. Boka byr på ein spennande og frodig introduksjon til tala si verd, illustrasjonane er fargesprakande og fulle av overskot. Gry Moursund har også illustrert den tredje boka, som kom i 2004, Alt kan begynne med kvitt. Dette er tre unike fagbøker for småskuletrinnet, og bør finnast i alle skulebibliotek!

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Alle i Alta kan

Bjørn Sortland og Lars Elling: 24 i sekundet

24 i sekundetOda og Henrik er på julebesøk hos onkel Pål, som tidlegare har jobba i Hollywood og har loftet fullt av filmutstyr og rekvisittar. Der finn dei blant anna to Chaplin-hattar som dei set på seg, og vips – så er dei inne i ein stumfilm frå 20-åra.

Vi følgjer dei to inn i ei fiktiv verd og blir presentert for personar og filmar som har skapt premissa for film-mediet: Chaplin og Bergman, Kurosawa, Eisenstein og Orson Welles, Casablanca og Ben Hur, King Kong og Tarzan osv. Her går det an å lære ein masse og ha det kjempespennande samtidig.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
24 i sekundet