Kategoriarkiv: noveller

Lars Mæhle: Jag är Supermann

«Jag är Supermann» står det på t-skjorta til Bjørn, og det har blitt tittelen på novellesamlinga til Lars Mæhle. Men Bjørn er langt frå Supermann, og slik er det også med dei andre ungdommane vi møter. Novellesamlinga inneheld fem noveller av ulik lengde, og sjølv om dei er sjølvstendige forteljingar, møter vi fleire av personane igjen i fleire noveller. Alle hendingane går føre seg på Sunndalsøra ein måndag om sommaren.

Les meir

Frode Grytten: Menn som ingen treng

menn_som_ingen_trengMenn som ingen treng er ei novellesamling av Frode Grytten som vart utgjeven hausten 2016. Tittelen på samlinga peikar på ein felles tematikk i alle tekstane, nemleg menn som kjenner seg utilstrekkelege, unyttige, avviste, mislukka og utnytta.

Vi får høyre om fedrar som drikk for mykje, som slår, og om fedrar som utnyttar sønene til å utføre kriminelle handlingar. Det er dei problematiske forholda som vert viste fram, korleis mødrer eller barn vert offer for mennene og protesterer mot dei på ulikt vis. Mora i den første novella får seg kjærast som ho ublygt tek med heim, køyrer bilturar med og viser fram for nabolaget. Protesten mot livet ho lever, vert tydeleg særleg sidan handlinga er lagd til året 1974. Syttitalet er som vi veit tiåret for kvinnekamp og lausriving frå tradisjonelle kjønnsroller. Mora tek grep om eige liv, og gjer opprør mot den ofte underkua husmora frå 50- og tidleg 60-talet. Sonen forstår ikkje korleis mora kan gjere dette, men han skjønar også at forholdet til faren er dårleg fordi faren drikk og slår, og har psykopatiske trekk når han er heime frå sjøen. Sonen kjenner seg utrygg i sitt eige forhold til ei jente som verken seier at ho treng han eller vil vere i eit fast forhold med han. Kvinnene vert sterkare i novella, noko som resulterer i at mennene vert usikre og desperate. Den siste setninga ber dommedagsmørket i seg: «Eg visste den gongen ingenting om kor ille dette kom til å ende».

Les meir

Anna Gavalda: Livet, til det betre

Denne romanen handlar om tre menneske i Paris. Dei er i tjueåra, og dei har det til felles at dei opplever hendingar som gjer at dei må tenkje på nytt om eige liv. Romanen er delt inn i tre forteljingar på om lag 100–120 sider kvar. Mathilde er den første vi vert kjende med. Ho er 24 år, kunststudent og rappkjefta: «Hadde vore klokare av meg å få ferdig (få begynt på) masteroppgåva (…) eller få tenkt litt på framtida mi, meg sjøl, økonomi og pensjonspoeng, men dessverre, eg mista trua på akademia ein plass på vegen, og alt eg tenkjer på, er å leve livet, right on, utan skisser og disposisjonar. Sia alt er juks og bedrag … Sia alt er berre kommentarar… Sia polane smeltar, og bankane endar opp med full erstatning, og bøndene henger seg på låven og dei fjernar offentlege benkar så dei heimlause ikkje skal setje seg … Hæ? Skulle eg plage meg sjøl med å slå ned teltpluggane, liksom, i ein sånn verden?»

Les meir

Terje Torkildsen: Stavanger Stories 1

Stavanger Stories 1«Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.»

Betty skal snart byrja på vidaregåande, storebror Duxen er russ og veslebroren Broremann skal byrja på ungdomsskulen. Gjennom novellene i denne boka fylgjer me dei tre ungdomane og familien deira i ei tid prega av store overgangar for dei alle. Jamvel om boka er skriven som ein heilskap, kan mange av novellene fungera like godt som frittståande tekstar. Nokre byggjer opp mot eit komisk sluttpoeng, andre er meir til ettertanke, og det er rikeleg med både kjærleik, sakn, liv, død og fysisk humor i forteljingane. Les meir

Ruset, Arne – Berg brest (2013)

noveller

ISBN: 9788274883321

Utgjevar: Bokvennen Forlag

I ei isolert fjordbygd på Vestlandet i mellomkrigstida, lengter mange etter at dei vanskelege økonomiske tidene skal snu seg. Andre venter på at Kristus skal kome att. Men i staden rauser ein berghammar ned i fjorden og veldige flodbølgjer soper med seg menneske og hus. Berg brest er bygd opp av 12 historier der vi møter bygdefolket før, under og etter katastrofen. Boka handler om psykiske traume, om religiøs frustrasjon og forsoning, om ungdommeleg pågangsmot og livskraft, og ikkje minst om mennesket sin ibuande draum om å kunne flyge.

Sveinsvoll, Aslaug – Ved kjøkkenglaset (2013)

ISBN: 9788282512602

Utgjevar: Publica Bok AS

Ulike hendingar og minne dukkar opp frå eit langt liv. Minnebitar set ofte fantasien i sving, og då blir det gjerne forteljingar av det. Det som då blir det ferdige, skriftlege.resultatet, er rein fantasi. Aslaug Sveinsvoll (f. 1919), er fødd i Tananger. Ho har to døtrer, sju barnebarn og seks oldebarn. Ho er utdanna lærar, og har for det meste arbeidd i Sola og Klepp kommune. Ho debuterte med Krim og kvardag i Hummarhamn i 2012.

Solstad, Rakel – Men kva veit vi om barna (2013)

noveller

ISBN: 9788252183276

Utgjevar: Det Norske Samlaget

Men kva veit vi om barna er ei samling forteljingar frå tre barns liv. Sigge bur på internatet i kvardagane. Kvar sundag prøver han å få sleppe å reise tilbake. I Ro under vatnet blir leiken mellom to gutar skjebnesvanger. I forteljingane om Ida møter vi ei einsam jente og ein fosterheimsplassert gut som saman og kvar for seg prøver ut grenser. Rakel Solstad skriv om barn i utsette posisjonar. Arbeidet som pedagogisk-psykologisk rådgivar i skolen har gitt ho innsikt i strukturar som kan få negative verknader for utviklinga til eit barn, og grunnlag for å stille spørsmålet: Kva veit vi om barna?

Vaage, Ragnvald – Heng i og ro! (2012)

ISBN: 9788281630512

Utgjevar: Kapabel Forlag AS

Ragvald Vaage (1889-1966) budde på Sunde i Kvinnherad, der han livnærte seg som småbrukar, forfattar og folketalar. Han debuterte med ei diktsamling 1912, sidan kom det ei rad med romanar og forteljingar. Mest kjend er han for barnebøkene, der han med humor og innsikt skildrar bygdemiljøet i brytningstida på 1900-talet. Denne boka inneheld 19 forteljingar som Ragnvald Vaage skreiv for ulike blad og tidsskrift. Det er og funne plass til nokre av dei mange samfunnsaktuelle innlegga frå Vaage.