Kategoriarkiv: noveller

Erna Osland: Berre du som veit

Ei samling noveller som til saman dannar eit univers med skoleliv i sentrum. Boka er lett å komme inn i og lett å lese. Velskrivne forteljingar viser fram dramatiske spenningar i skolekvardagen – spenningar ikkje berre mellom den einskilde og andre unge eller vaksne, men også inne i hugen til kvar einskild.

Her er farlege munnar, stemnemøte, alvorlege truslar og varme sjokoladar i sveitte hender. Ei jente med kniv dukkar opp. Og Tommy, som er så tynn at han ikkje vågar gå aleine heim. Daniel, som ikkje får puste så snart han går heimanfrå, er med, og mange fleire. Samtidig med at kvar novelle er eit lite kunstverk, gir ho også eit veleigna grunnlag for samtale i klassen – eller heime – om denne viktige biten av livsvegen vår.

Frode Grytten: Bikubesong

I den vesle boka Som en roman. Om gleden ved å lese formulerer Daniel Pennac «Lesarens ti ukrenkjelege rettar». Mellom dei er retten til å lese kvar som helst, retten til å hoppe over sider og retten til å lese om att. Bikubesong er ein roman som kan lesast slik. Kanskje er det ikkje eingong ein roman?

Mange vil hevde at dette heller er ei samling forteljingar. Kapitla kan lesast som enkeltståande historier kvar for seg. Dette er ei av årsakene til at dette er ei god bok å halde fram for unge lesarar som er klare for større utfordringar enn ungdomslitteraturen kan gje dei.
Les meir