Terje Torkildsen: Dystopia 1+2
av Øystein Espe Bae måndag 13. desember 2010
Terje Torkildsens Dystopia 1+2 er første halvdelen av ei spaningshistorie som er lagd til året 2014. Ein gjeng 17-åringar er på klassetur i England då det utenkjelege skjer: Med ei enorm flodbølgje i Nordsjøen byrjar eit ragnarok ingen har sett sidestykke til.
Naturkatastrofen, som nett har skjedd då forteljinga byrjar, har fått fatale konsekvensar for millionar av menneske langs kysten mot Nordsjøen. Det heile utviklar seg til ein kamp for å overleve som er hakket meir strabasiøs enn ein handlelaurdag på Oxford Street i London. Det er unntakstilstand, flyplassane er stengde, og landet er mystisk nok hermetisk lukka av militæret.
I kaoset som oppstår i ettertid, fell mange ifrå, også lærarane i klassa. Korleis skal ein handfull tenåringar med ulik bakgrunn og temperament klare å redde seg heilskinna ut av situasjonen? Les meir »

Omsett av Øystein Vidnes

