Arkiv for kategorien spenningsbøker

Magnhild Bruheim: Venneringen

av Janne Karin Støylen onsdag 5. desember 2007

VenneringenHer kjem ein ny, spennande kriminalroman for ungdom. Ispedd tema som forelsking og rivalisering i venninneflokken har boka mykje å by dei unge lesarane. Vi møter att venninnene Kami og Bente frå boka Ny melding som kom i 2003, også den ein kriminalroman. 

Det ser ut til å bli ei fin ferieveke på hytta, hovudpersonen Bente gler seg, og Ingrid og Martine skal også vere med. Ingenting blir slik Bente har håpa på. Ho føler seg svikta av bestevenninna Kami, som vel å dele rom med Ingrid og har hemmelege ting på gang saman med henne. Verre er det likevel at det har skjedd innbrot og valdtekt i hytteområdet. Les meir »

Lene Kaaberbøl: Skuggeporten

av Arild Torvund Olsen sundag 2. desember 2007

SkuggeportenTil norsk ved Øystein Rosse.

Anna bur saman med far sin. Ho er stum, og kan berre kommunisera ved hjelp av å skriva. Dessutan er ho redd for mørkret: «Mørker er ikkje berre mørker. Viss mørkret alltid hadde vore berre vanleg, altså slik at det ikkje er så mykje lys, så hadde eg nok halde ut. Men det var det ikkje. Det var eit mørker i mørkret. Eit levande mørker som trengde inn i auge og øyre, i nase og munn. (…) Det var det eg var redd for. Det var det ein kunne døy av.»
Les meir »

Ragnar Hovland: Brevet

av Janne Karin Støylen tysdag 2. oktober 2007

Brevet«Jon bur aleine saman med mor si. Ein dag kjem eit brev i posten. Mora seier – Det er eit brev til deg, Jon. (…) Jon går inn på rommet sitt og les brevet. Han les det to gongar. Så veit han at dette er ein spesiell dag. – Eg må dra, seier Jon til mor si. – Eg veit ikkje om eg kan bu her lenger.» Om lesaren er kjend med skrivestilen og tematikken til Ragnar Hovland, vil han sjå at dette er ei typisk innleiing til ei typisk forteljing. Les meir »

Atle Hansen: Skatten i Skutevika

av Janne Karin Støylen torsdag 27. september 2007

Skatten i SkutevikaMartin, Anders, Steinar og Anna er ute i Skutevika. Martin snorklar og finn nokre mystiske myntar på sjøbotnen. Anna tek bilete og søkjer etter liknande myntar på Internett. Heime legg Martin myntane i ketsjup for å kunne pusse dei blanke. Saman med Anders går han til gamle Kristian i Vikja for å høyre om han, som veit så mykje, kan fortelje dei kva slags myntar dette er. Ei hollandsk skute forliste utanfor Skutevika for lenge sidan. Kan det vere myntar frå forliset Martin har funne? Les meir »