Arkiv for kategorien teikneseriar

Bing & Bringsværd: Ingeniør Knut Berg – ein fiende frå fortida

av Arild Torvund Olsen fredag 28. november 2008

Tekst: Jon Bing og Tor Åge Bringsværd

Teikningar: Knut Westad

I 2007 gav Fonna forlag ut eit julehefte der Bing, Bringsværd og Westad byrja ei ny forteljing om den klassiske nynorske ingeniørhelten Knut Berg. I 2008-heftet held soga fram der ho slutta førre jul, med prinsesse Aima kidnappa av undersjøiske skapningar. Etter kvart møter me òg att ein gamal skurkekjenning, og spaninga aukar.
Les meir »

Marcello Toninelli: Dante

av Arild Torvund Olsen fredag 14. november 2008

Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet
Til nynorsk ved Bodil Moss

Italienaren Marcello Toninelli har laga ein humoristisk teikneserieversjon av det kjende visjonsdiktet til Dante, og det vesle forlaget TransFe:r har gjeve ut ei norsk utgåve, omsett av Bodil Moss.

Utgjevinga inneheld mange former for omsetjing og overføring, til dømes frå vers til teikneseriestripe, frå gammaltestamentlege tankar til moderne humor og frå italiensk til nynorsk. Til dømes er det interessant å sjå korleis Marcello har teke forteljinga frå diktverk til stripeserieformat. Les meir »

Øystein Runde: The very best of Rundetid

av Arild Torvund Olsen måndag 19. mai 2008

The very best of RundetidSerieskaparen Øystein Runde er mellom anna kjend for seriane Bjartmann, som gjekk i Larsons Gale Verden, og Margarin, som han laga saman med Kristopher Schau. I Rundetid møter me fyrstikkmenneske i situasjonar som er både morosame og pinlege. Dei smiskar med kyr, leikar Fight Club, ser paralympics-ishockey, er seksuelt frustrerte og har pinlege samtalar med foreldra sine. Den enkle stilen gjer at serien får eit spontant preg. Les meir »

Tuss og troll

av Janne Karin Støylen sundag 23. desember 2007

Tuss og trollTuss og troll, julehefte 2007

Solveig Muren Sanden (f. 1918) har teikna i Tuss og troll sidan ho tok over for Jens R. Nilssen i 1957.  Ho er spesielt kjend for desse flotte eventyrseriane.

I år har ho teikna til eventyret Trollet og toreveret, medan Haakon Aasnes står for teikningane i det andre eventyret i heftet, Dei to skreddarane.
Les meir »

Haakon Aasnes: Smørbukk – Hurra for Hoppjentene

av Janne Karin Støylen laurdag 22. desember 2007

Hurra for hoppjenteneSmørbukk, julehefte 2007

Julehefte er ein viktig del av julekosen. Å komme i julestemning er mykje knytt til tradisjonar, at noko er likt og gjentek seg år for år. Smørbukk kan ein stole på i så måte. Juleheftet om den tidlause, nynorske teikneseriehelten er i handelen i år også, slik det har vore kvart år sidan starten i 1941.

Hurra for hoppjentene er tittelen på heftet i år. Smørbukk er aktuell og oppdatert, hendingane er høgst aktuelle.
Les meir »