Kategoriarkiv: teikneseriar

Øystein Runde: The very best of Rundetid

RundetidSerieskaparen Øystein Runde er mellom anna kjend for seriane Bjartmann, som gjekk i Larsons Gale Verden, og Margarin, som han laga saman med Kristopher Schau. I Rundetid møter me fyrstikkmenneske i situasjonar som er både morosame og pinlege. Dei smiskar med kyr, leikar Fight Club, ser paralympics-ishockey, er seksuelt frustrerte og har pinlege samtalar med foreldra sine. Den enkle stilen gjer at serien får eit spontant preg. Les meir

Tarjei Vesaas og Steffen Kverneland: Ein motig maur

Den særs allsidige teiknaren gledde mange med sine "Amputerte klassikere" i avisa Dagbladet for nokre år sidan. Tarjei Vesaas' novelle "Ein motig maur" var vel ein av dei kortaste klassikarane han amputerte, men den vart ein av hans lengste og beste!

Det er ei glede å presentere denne overmotige, illsinte mauren i Kvernelands strek og med hans respektfulle nedkorting av teksten, tilpassa teikneserieformatet. Boka vil overraske og glede både barn, unge og vaksne, og kan for mange bli eit første appetittvekkjande møte både med forfattaren og teiknaren.