Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien kjærleik

Jim Woodring: Dei samlar seg, dyra

av Arild Torvund Olsen tysdag 14. juni 2011

Tenk deg ein surrealistisk draum i eit svart-kvitt-landskap med detaljerte skraveringar. Sleng inn ein søt teikneseriefigur inspirert av animasjonsfilmar frå 1920-talet, og resultatet ville kan henda ha vorte noko liknande av den nye boka til den amerikanske serieskaparen Jim Woodring.

Den norske utgåva av Congress of the Animals har fått tittelen Dei samlar seg, dyra, og ho kjem ut på Jippi forlag. Sjølve forteljinga er heilt ordlaus, men bakpå boka finn me ei samling sitat frå mellom anna I Ching, Salvador Dalí og Jim Woodring sjølv. Les meir »

Linn T. Sunne: Saiko

av Petra J. Helgesen onsdag 4. mai 2011

Hurra! Hurra for Kometbøkene til Samlaget og hurra for Linn T. Sunne! Vi treng fleire gode lettlesne bøker for ungdom, og med «Saiko» leverer Samlaget og Sunne nok ein gong. Førre boka vi fekk var «Blå blondie», og da som no handlar det om ei ung jente i krise, om forelsking og om å få kontroll over eige liv.

Jentene til Sunne endar aldri opp med dei gutane dei trudde dei skulle ende opp med. Dei har ikkje styring på vala sine. Katti i «Blå blondie» har ei kreftsjuk søster og strever med å finne ein eigen plass i familien, og guten ho er forelska i endar opp med venninna. Ella i «Saiko» lar seg presse til å gjere det stikk motsette av det ho eigentleg vil: Ho blir saman med rånaren Steinar i staden for den brunøygde Simon. Medan Katti etter kvart blir saman med ein annan og betre, og vinn kontrollen gjennom det, er Ella sin veg mot sjølvstyre langt tøffare. Les meir »

Lars Mæhle: Korea. Noveller om kjærleik

av Petra J. Helgesen torsdag 24. mars 2011

Det Norske Samlaget

Lars Mæhle har skrive barne- og ungdomsbøker sidan 2002. Han debuterte med «Keeper’n til Tunisia», ein ungdomsroman som med stor suksess blei filmatisert i fjor under tittelen «Keeper’n til Liverpool». No har Mæhle skrive si første bok for vaksne, ei novellesamling om kjærleik, men utan at han gløymer ungdommen.

Den namnlause hovudpersonen i opningsforteljinga er berre seksten år, og i den siste novella er det ein russefest som står i sentrum for handlinga. Når Mæhle skildrar vaksne karakterar er deira relasjon og kjærleik til ungane langt viktigare enn den relasjonen dei har til andre vaksne. Boka har likevel eit perspektiv og ein språkleg tone som gjer at dette ikkje er ein ungdomsroman, men snarare ei vaksenbok som også yngre lesarar vil ha glede av. Les meir »

Elskar, elskar ikkje

av Øystein Espe Bae torsdag 18. november 2010

Ein av nykomarane frå Samlaget i år som er verdt å ta med seg inn i klasserommet, er novellesamlinga Elskar, elskar ikkje. Samlinga inneheld nye, nordiske kjærleiksnoveller for både han og ho – alle omsette til nynorsk.

Her blir dei mange ulike formene for kjærleik mellom to menneske tematiserte – på godt og vondt. I tillegg til å handle om den ofte såre og vanskelege kjærleiken, har mange av novellene også ein kjønna, moralsk eller etnisk komponent. Felles for tekstane er at dei er engasjerande og inviterer lesaren til å føle empati og respekt for den andre sitt perspektiv. Novellene kan fungere som utgangpunkt for gode diskusjonar mellom elevar både på ungdomstrinnet og på vidaregåande.
Les meir »

Lars Mæhle: Harry Houdinis elefant

av Janne Karin Støylen måndag 20. oktober 2008

«Psst! kviskrar Tor Andreas. – Det er pokerlag i teltet vårt. – Endeleg litt action, seier Roald, allereie på veg opp frå soveposen. Vi andre ser prøvande på kvarandre. Ingen av oss har eigentleg lyst. Det synest på mils avstand. Men ingen vil risikere å hamne utanfor. Og det er nettopp det: Å vere utanfor er det verste av alt. Hamnar du først utanfor, er det gjerne uråd å komme innanfor igjen. Særleg når trekukar som Tor Andreas styrer spelet.» Les meir »