Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien kjærleik

Aina Basso: Ingen må vite

av Janne Karin Støylen fredag 19. september 2008

Året er 1734. Ingeborg er 14 år. I ei lita kystbygd nord i landet driv ho ein karrig fjellgard saman med mora og veslebroren. Ein alkoholisert og valdeleg stefar utset henne for overgrep ho ikkje kan fortelje om. I eit reinskore lyrisk språk fortel debutant Aina Basso ei både frykteleg vond og fantastisk vakker historie. Ho har skrive ein poetisk punktroman som er så spennande at det er uråd å leggje han frå seg. Ein sjeldan og imponerande kombinasjon. Les meir »

Terje Torkildsen: Marki Marco

av Janne Karin Støylen tysdag 9. september 2008

Nyheita om at den serbiske leiaren Radovan Karadzic var arrestert på ein buss i Beograd gjekk verda over 18. juli 2008. Ikkje mange vekene etter kunne vi lese at øvstkommanderande for dei bosnisk-serbiske styrkane under borgarkrigen 1992–95, Ratko Mladic, vurderer å overgje seg til det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia i Haag. Folkemordet i Srebrenica i juli i 1995 vert eit av dei viktigaste tiltalepunkta mot dei to. Denne grufulle hendinga utgjer bakteppet for ein ny ungdomsroman frå Det Norske Samlaget.
Les meir »

Rune Belsvik: Verdas mest forelska par & Tøddel Blisterplytt

av Janne Karin Støylen onsdag 6. februar 2008

Tøddel BlisterplyttVerdas mest forelska par (2001)
Tøddel Blisterplytt (2005)

Illustrerte av Inger Lise Belsvik

«Alle stader i verda finst det eit forelska par. I dei største byar og i dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Dei finst overalt. Dei er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Dei budde på toppen av Bløygenbakken. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bidger og Esmilini. Esmiluni og Bidger. Dei var dei rette for kvarandre.» Les meir »

Magnhild Bruheim: Ny melding

av Janne Karin Støylen tysdag 29. januar 2008

Ny meldingKrim er ein populær sjanger. Stramme rammer, spennande historier, alltid ei løysing, eitt rett svar. Magnhild Bruheim er ein etablert kriminalforfattar, men dette er den første boka der ho har ungdom som målgruppe. Med rutinert grep om sjangeren skaper ho ei skummel og skremmande forteljing med mobiltelefonen i sentrum for dramatikken.
Les meir »

Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine

av Janne Karin Støylen torsdag 20. desember 2007

Saman er ein mindre aleineOmsett av Tove Bakke

«Jeg har lurt både kona og datteren min til å lese nynorsk, jeg!» Den stolte journalisten eg hadde på tråden ville gjerne fortelje om den flotte leseopplevinga familien nettopp hadde delt. Boka som hadde fått dei innbitne sidemålsmotstandarane han budde saman med til å kose seg med ei nynorsk omsetjing, var den franske suksess-romanen Saman er ein mindre aleine.

Omsett til 36 språk. Over to millionar selde i Europa. Det er ein retteleg bestseljar vi presenterer i dag. Med sine 611 sider kvalifiserer den vel også til nemninga «murstein». Forteljinga er stor i dobbelt forstand. «En sprudlende herlig roman», melde Terje Stemland i Aftenposten.
Les meir »