Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien venskap

Sissel Horndal: Himmelspringaren

av Janne Karin Støylen onsdag 11. februar 2009

«Det byrja ei natt i april. Heile Rakkarhågen var pakka inn i skodde, og Gullullafjøset såg ut som det hang i lause lufta. Inne i fjøset sto Fjellfjosa, ballrund som ei kule. Johanna godprata med ho, klødde ho bak øyra og kviskra mjuke ord. – Kjære, flinke Fjosa mi, sa ho. – Kor eg gler meg til å sjå ungane dine. Det Johanna ikkje visste var at det denne natta skulle bli født eit lam i Gullullafjøset som ingen hadde sett maken til i heile fjorden. Og sikkert ikkje i fjorden bortanfor heller.»

Slik byrjar forteljinga om Lilla Himmelspringar. Allusjonane til eventyret om den stygge andungen er tydelege, mange vil nok også tenkje på frelsaren i Davids by. Historia kviler likevel ikkje på andre tekstar, sjølv om tema og bodskap er så viktige at mange forteljingar har vore bygde kring liknande motiv. Les meir »

Lars Mæhle: Harry Houdinis elefant

av Janne Karin Støylen måndag 20. oktober 2008

«Psst! kviskrar Tor Andreas. – Det er pokerlag i teltet vårt. – Endeleg litt action, seier Roald, allereie på veg opp frå soveposen. Vi andre ser prøvande på kvarandre. Ingen av oss har eigentleg lyst. Det synest på mils avstand. Men ingen vil risikere å hamne utanfor. Og det er nettopp det: Å vere utanfor er det verste av alt. Hamnar du først utanfor, er det gjerne uråd å komme innanfor igjen. Særleg når trekukar som Tor Andreas styrer spelet.» Les meir »

Terje Torkildsen: Marki Marco

av Janne Karin Støylen tysdag 9. september 2008

Nyheita om at den serbiske leiaren Radovan Karadzic var arrestert på ein buss i Beograd gjekk verda over 18. juli 2008. Ikkje mange vekene etter kunne vi lese at øvstkommanderande for dei bosnisk-serbiske styrkane under borgarkrigen 1992–95, Ratko Mladic, vurderer å overgje seg til det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia i Haag. Folkemordet i Srebrenica i juli i 1995 vert eit av dei viktigaste tiltalepunkta mot dei to. Denne grufulle hendinga utgjer bakteppet for ein ny ungdomsroman frå Det Norske Samlaget.
Les meir »

Kari Stai: Jakob og Neikob

av Janne Karin Støylen måndag 26. mai 2008

Jakob og NeikobEr det slik at kvar av oss har ein grunntone i seg, ein tone i ein skala med JA og NEI i kvar sin ende? Nokre av oss seier oftast ja og vert oppfatta som positive, medan andre helst svarar nei og vert stempla som negative. På same tid får ja-menneska høyre at dei må lære seg å setje grenser og seie nei, medan dei som er flinke til å seie nei vert oppmoda om å seie ja oftare. Møt Jakob og Neikob og lær korleis NEI kan bli til JA og kva tid JA heller bør vere NEI.
Les meir »

Terje Hellesen: Kvalen Blå dansar salsa

av Janne Karin Støylen torsdag 15. mai 2008

Kvalen Blå dansar salsaIllustrert av Anna Fiske 

Mange etterlyser lettlesne bøker på nynorsk. Kometserien er ein serie lettlesebøker for barn, fordelt på fire trinn. Bøkene er lette å kjenne att med blå farge på omslaget, ein oval illustrasjon og ei stjerne med farge som fortel kva aldersgruppe boka er tenkt til. Denne boka er ein oransje komet og høver såleis best for lesarar mellom 10 og 12 år.
Les meir »