Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien venskap

Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine

av Janne Karin Støylen torsdag 20. desember 2007

Saman er ein mindre aleineOmsett av Tove Bakke

«Jeg har lurt både kona og datteren min til å lese nynorsk, jeg!» Den stolte journalisten eg hadde på tråden ville gjerne fortelje om den flotte leseopplevinga familien nettopp hadde delt. Boka som hadde fått dei innbitne sidemålsmotstandarane han budde saman med til å kose seg med ei nynorsk omsetjing, var den franske suksess-romanen Saman er ein mindre aleine.

Omsett til 36 språk. Over to millionar selde i Europa. Det er ein retteleg bestseljar vi presenterer i dag. Med sine 611 sider kvalifiserer den vel også til nemninga «murstein». Forteljinga er stor i dobbelt forstand. «En sprudlende herlig roman», melde Terje Stemland i Aftenposten.
Les meir »

Laura Djupvik: Hundre appelsinar og ein fiolin

av Janne Karin Støylen onsdag 19. desember 2007

Hundre appelsinar og ein fiolinLaura Djupvik si andre skjønnlitterære utgjeving er ein roman som ligg i skjeringsfeltet mellom å vere ei barnebok og ei ungdomsbok. Forteljinga kretsar rundt fine tema som venskap, kjærleik, musikk, sorg, mot og viljestyrke.

Berre Daniel kjenner Bård Skihus, den gamle fiolinisten som har vore konsertmeister i kjende orkester i Europa. Kameratane freistar å skremme Daniel. Dei seier at Skihus er ein vampyr som har døde ungar i kjellaren. At han et dei til middag.
Les meir »

Sylvelin Vatle: Gubben som ville fanga jula i ein håv

av Janne Karin Støylen måndag 17. desember 2007

Gubben som ville fanga jula i ein håvIllustrert av Ellen Sjøwall

I ei spørjeundersøking no like før jul svarer over halvparten av dei spurde at dei set like stor eller større pris på eit personleg julekort som ei julegåve. I målgruppa for denne biletboka (5–10 år) er det kanskje ikkje mange som ville svare slik. Det er også bekymringa til Gubben, som ikkje har pengar nok til å kjøpe ei stor og dyr gåve til barnebarnet Georg.

Då landar noko merkeleg på fuglebrettet. Eit sjeldant, stort og lysande insekt! Er det ikkje forresten ein liten gut? Med venger? Gubben lokkar insektguten til seg ved å teikne fine teikningar i skisseboka si. Han vil fange guten og selje han til dyrebutikken.
Les meir »

Rune Belsvik: Dustefjerten og den store sommarferieturen

av Janne Karin Støylen laurdag 15. desember 2007

Dustefjerten og den store sommarferieturenIllustrert av Turi Frantze Lauenborg

Dette er den sjette og foreløpig siste boka i serien om Dustefjerten og naboane hans i det vesle landet ved bekken. Dei første fem forteljingane er samla i Den store stilige Dustefjert-boka.

No er sommaren komen, og det er tid for den store sommarferieturen. Snart er alle på veg ein stad dei aldri har vore før. Dustefjerten vonar nokon blir sjuke, så dei må gå heim igjen.
Les meir »

J.R.R. Tolkien: Ringdrotten

av Arild Torvund Olsen tysdag 11. desember 2007

RingdrottenTil norsk ved Eilev Groven Myhren

Storverket til Tolkien, The Lord of the Rings, kom i 2006 i nynorsk omsetjing. Omsetjinga, som har fått tittelen Ringdrotten, er prega av eit uvanleg rikt ordtilfang, og omsetjaren let dei ulike folkegruppene tala ulike variantar av nynorsk og dialekt. Hobbitane talar til dømes halling, alvane talar Aasen-normalen, innbyggjarane i Rohan talar midlandsnormalen osb. Slik vert omsetjinga eit høve for lesaren til å verta kjend med noko av den rikdomen som finst i det norske språket.
Les meir »