Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien venskap

J.R.R. Tolkien: Ringdrotten

av Arild Torvund Olsen tysdag 11. desember 2007

RingdrottenTil norsk ved Eilev Groven Myhren

Storverket til Tolkien, The Lord of the Rings, kom i 2006 i nynorsk omsetjing. Omsetjinga, som har fått tittelen Ringdrotten, er prega av eit uvanleg rikt ordtilfang, og omsetjaren let dei ulike folkegruppene tala ulike variantar av nynorsk og dialekt. Hobbitane talar til dømes halling, alvane talar Aasen-normalen, innbyggjarane i Rohan talar midlandsnormalen osb. Slik vert omsetjinga eit høve for lesaren til å verta kjend med noko av den rikdomen som finst i det norske språket.
Les meir »

Barbro Lindgren: Jamen, Benny

av Janne Karin Støylen måndag 10. desember 2007

Jamen, BennyBilete av Olof Landström
Frå svensk ved Stein Versto

Ei utfordring som små barn møter tidleg i livet er å få søsken. Ofte er det noko ein ynskjer seg heilt til ein får det. Ein innser fort at det slett ikkje er berre moro med ei lita søster eller ein bror i huset.

Den vesle grisen Benny har det slik. Han har nett fått ein liten bror. Han ville det. Og då fekk han det. Men broren berre skrik og skrik, så mor gjev han ein smokk. Benny får ikkje smokk, Benny er for stor til å ha smokk, seier mor. Benny er alt lei av veslebror, han vil heller ha smokken. Så tek han Veslebror med ut …
Les meir »

Frode Grytten: Bikubesong

av Janne Karin Støylen laurdag 8. desember 2007

BikubesongI den vesle boka Som en roman. Om gleden ved å lese formulerer Daniel Pennac «Lesarens ti ukrenkjelege rettar». Mellom dei er retten til å lese kvar som helst, retten til å hoppe over sider og retten til å lese om att. Bikubesong er ein roman som kan lesast slik. Kanskje er det ikkje eingong ein roman?

Mange vil hevde at dette heller er ei samling forteljingar. Kapitla kan lesast som enkeltståande historier kvar for seg. Dette er ei av årsakene til at dette er ei god bok å halde fram for unge lesarar som er klare for større utfordringar enn ungdomslitteraturen kan gje dei.
Les meir »

Arnfinn Kolerud: Den som ikkje har gøymt seg no

av Janne Karin Støylen torsdag 6. desember 2007

Den som ikkje har gøymt seg noOdd og Per Tore er bestevenner. Når Per Tore stengjer seg inne på rommet sitt og nektar å gå på skulen, i den tru at det kviler ei forbanning over han, vil mor til Per Tore at Odd skal snakke med han. Men Odd er ikkje så flink til å snakke. Han lyt finne sine eigne måtar å hjelpe til på.

14-åringen Odd bestemmer seg for å setje forbanninga på prøve, med seg sjølv som innsats. Så får det gå som det går. Og det gjer det … 
Les meir »

Ingelin Røssland: Handgranateple

av Janne Karin Støylen tysdag 2. oktober 2007

Handgranateple– Er du ikkje ferdig med øla? – Jo, men eg må jo få nyta det. Eg held pusten og heller innpå. Vil ikkje vise Malin at eg aldri har drukke øl før. Sjølv om eg held pusten, kjenner eg den beiske smaken, og saman med kolsyra gir det meg tårer i auga. (…) Tenk om eg blir så full at eg må spy? 

Anja har flytta frå heimbygda og morellgarden i Hardanger inn til Odda for å gå på vidaregåande. Nye veninner, gutar, hybelliv og festing. Det kan sjå ut som eit litt tradisjonelt plot frå Ingelin Røssland. Men Anja er ei spesiell jente. Det nye ho møter og må takle er meir enn øl og ivrige gutar. For kven er Malin, eigentleg? Og kven er Anja? Kven skal ho vere no? Les meir »