Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret. Her kan lærarar og andre finne tips til nye, gode nynorske bøker som høver for ulike aldersgrupper.

Annette Huber: Liten-på-jord-Tor

av Irene Garnes Hareide tysdag 11. oktober 2011

Illustrasjon: Manuela Olten
Omsett av Brit Aksnes og Simone Stibbe
Utgitt av Skald Forlag 2009

Boka Liten-på-jord-Tor er ei bok som møter barns undring over det å vere liten – og å bli større. Vi møter Tor som nettopp har funne ut at han er nesten ein meter høg, og han deler tankane sine om det å vere liten kontra det å vere stor.

Dette er ei biletbok som er omsett frå tysk til nynorsk. Ho har fantasifulle og artige bilete og ein undrande tekst som uttrykkjer tankane til Tor. Vi kan seie at både teksten og bileta har eit barneperspektiv på verda. I bileta kjem dette mellom anna til uttrykk ved at vi ikkje får sjå andletet til mora til Tor eller andre vaksne. Boka har ikkje ein tradisjonell forteljestruktur, men vi får sjå mange ulike situasjonar som er knytte til det å vere liten i ei verd med mange vaksne. Les meir »

Camilla Lundsten: Endelig bæsj! og Endelig småsøsken!

av Irene Garnes Hareide torsdag 15. september 2011

Tekst og illustrasjon: Camilla Lundsten
Det Norske Samlaget

Det har kome to nye bøker i serien om Veslefanten. Bøkene tek for seg tema som er viktige for dei yngste barna: kunsten å gå på potte, og tankar og kjensler knytte til det å skulle få småsysken.
Utforminga av bøkene er lik dei tidlegare bøkene i serien. Dei er fargerike, med klåre fargar, og kvadradisk utforma med tjukke sider som toler å bli lesne av dei minste barna. I boka Endelig bæsj! møter vi hovudpersonen Veslefanten saman med venene Makkus og Kanina, slik vi har gjort i tidlegare bøker, men boka Endelig småsøsken! handlar om Veslefanten, Mammafanten og Pappafanten som gler seg til å få ein ny fant inn i familien. Les meir »

Barnas eigne vitsar

av Janne Karin Støylen torsdag 18. august 2011

Av Ragnfrid Trohaug og Nana Rise-Lynum (red.)

Du hugsar vel kvifor svenskane har runde hus og kor mange svenskar du treng for å skifte ei lyspære. Og kvifor dei går på do med open dør og har med seg stigar i butikkane. Men veit du kvifor dei har tomme flasker i kjøleskapet? Og kvifor dei bruker øyrevarmarar? Og korleis dei avlivar fiskar?

Barnas eigne vitsar er sende inn av lesarane av Norsk barneblad. Det er svenskevitsar, vampyrvitsar, skulevitsar, mor-og-far-vitsar og mange fleire. Og gåter! Artige og rare, morosame og teite. Lette å lese og lette å lære. Lesarane kan få lyst til å lage sine eigne vitsar, dei vittige poenga kjem når ein leikar med språket og har det moro med ord: Les meir »

Jim Woodring: Dei samlar seg, dyra

av Arild Torvund Olsen tysdag 14. juni 2011

Tenk deg ein surrealistisk draum i eit svart-kvitt-landskap med detaljerte skraveringar. Sleng inn ein søt teikneseriefigur inspirert av animasjonsfilmar frå 1920-talet, og resultatet ville kan henda ha vorte noko liknande av den nye boka til den amerikanske serieskaparen Jim Woodring.

Den norske utgåva av Congress of the Animals har fått tittelen Dei samlar seg, dyra, og ho kjem ut på Jippi forlag. Sjølve forteljinga er heilt ordlaus, men bakpå boka finn me ei samling sitat frå mellom anna I Ching, Salvador Dalí og Jim Woodring sjølv. Les meir »

Kari Stai: Mopp og Mikko

av Irene Garnes Hareide fredag 10. juni 2011

Mopp og Mikko er ein bokserie for dei minste barna. Det er Kari Stai, mor til dei kjende barnebokkarakterane Jakob og Neikob, som står bak både tekst og bilete i bøkene, og dei fire første bøkene er no ute på marknaden: Mopp og Mikko elskar ting, Mopp og Mikko elskar dyr, Mopp og Mikko elskar mat og Mopp og Mikko elskar kjøretøy.

Vi ser at alle bøkene har ein tittel som fortel om noko Mopp og Mikko elskar, og bøkene handlar om at dei to venene jaktar på det som dei har så lyst på. Alle bøkene startar likt. Først får vi vite kva Mikko elskar: «Mikko elskar ting/dyr/mat/kjøretøy!» Som respons på dette seier Mopp: «Kom så fer vi på ting-/dyre-/mat-/kjøretøy-jakt!» Les meir »