av Arild Torvund Olsen torsdag 17. desember 2009
I år kan Tuss og troll-juleheftet by på to nye eventyrteikneseriar. Den fyrste, «Huldrekua», er eit nyskrive eventyr med tekst av Gard Espeland og teikningar av Håkon Aasnes. Det andre, «Solveig og udyret», er ein variant av eit tradisjonelt europeisk folkeeventyr. På «Solveig og udyret» er det Nana Rise-Lynum som står for teksten, medan den unge teikneserieskaparen og illustratøren Astrid Hansen gjer ein strålande debut som Tuss og troll-teiknar.
I tillegg til dei to nye seriane inneheld juleheftet i år tre klassiske eventyrteikneseriar frå 1959, alle signerte Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden. Me får òg servert to tekstar med bakgrunnsstoff om eventyra og innsamlinga av dei.
Publisert i teikneseriar
av Arild Torvund Olsen måndag 16. november 2009
Tekst: Jon Bing og Tor Åge Bringsværd
Teikningar: Knut Westad og Ivan Andreassen
Framhaldsforteljinga om ingeniørhelten Knut Berg held fram. 2009-heftet byrjar soga der ho slutta førre jul, med heltane fanga under isen på Sørpolen. Etter kvart går turen ut i verdsrommet att, og Knut Berg, Aima og Max må kjempa mot nokre romfarande kattevesen. Men Knut Berg let seg ikkje vippa av pinnen, for som han seier: «Vi ingeniørar er alltid førebudde på det uventa.»
Publisert i fantastisk litteratur, teikneseriar
av Janne Karin Støylen måndag 26. oktober 2009
Skald forlag
Illustrert av Gunvor Rasmussen
«Første fabel om Opus» handlar om ein liten aurom, ein gul kvapse, ein diger muggedàs og ein heil flokk med fabbepiltar. Alle har gløymt korleis dei skal seie takk. Folkeskikken no til dags er ikkje som han var. Eller? Eventyrboka inneheld nye nynorske eventyr frå 19 forfattarar. Nokre er klassiske, andre er nyskapande. Alle er gode!
– I Skald forlag fordeler vi prosjekta ut frå kva bøker vi verkeleg brenn for og kven som har mest engasjement for ei utgjeving. På den måten vert nesten alle bøkene våre «hjartebarn», og Eventyrboka er mitt, smiler redaktør Simone Stibbe. – Vi satsar stort på det visuelle. Gunvor Rasmussen har teikna eventyr i heile sommar! I tillegg er vi svært opptekne av korleis det kjennest å ha boka i handa. Vi ville at det skulle vere godt å halde i denne boka, så vi har vore nøye med val av materiale.
Les meir »
Publisert i barnebøker
av Janne Karin Støylen onsdag 23. september 2009
Illustrert av Åshild Irgens
Under dyna heime hjå oss ligg to gutar. Den eine vert fem år til jul og den andre er nett fylt ti. Regnet hamrar på taket. I det skrå skinet frå nattbordlampa ser vi kartet på innsida av permen i den nye boka. Vardetind, Glimmerhornet og Veslehammaren rammar inn Glimmerdalen med Gunnvald sin gard og Tonje sin gard. Sommarfjøsen og huset til Sally. Elva vert breiare ned mot Hagen helsecamping. Heilt nede ved fjorden ligg trygdebustadene, kaia og kiosken. Det er 11 km til Barkvika og 63 km til byen. No blar vi om og reiser til Glimmerdalen i lag.
Les meir »
Publisert i barnebøker
av Arild Torvund Olsen måndag 14. september 2009
Det nyaste verket til serieskaparen Øystein Runde, Soga om Olav Sleggja, er ein teikneserieroman frå vikingtida. Olav Sleggja vart i si tid redda av Olav Tryggvason, og han står difor i gjeld til kongen. Gjennom teikneserien fylgjer me Sleggja i kampen for å freista lausriva seg frå Tryggvason og den norrøne æreskodeksen, slik at han på ny kan verta ein fri mann. «Kva slags mann går vel rundt og brukar tid på å vurdere seg sjølv, når det er andre si vurdering som lever vidare?» spør Tryggvason, som syner seg å vera ein særs usympatisk motstandar.
Les meir »
Publisert i bøker for dei litt eldre, spenningsbøker, teikneseriar, ungdomsbøker