Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret. Her kan lærarar og andre finne tips til nye, gode nynorske bøker som høver for ulike aldersgrupper.

Lars Mæhle: Korea. Noveller om kjærleik

av Petra J. Helgesen torsdag 24. mars 2011

Det Norske Samlaget

Lars Mæhle har skrive barne- og ungdomsbøker sidan 2002. Han debuterte med «Keeper’n til Tunisia», ein ungdomsroman som med stor suksess blei filmatisert i fjor under tittelen «Keeper’n til Liverpool». No har Mæhle skrive si første bok for vaksne, ei novellesamling om kjærleik, men utan at han gløymer ungdommen.

Den namnlause hovudpersonen i opningsforteljinga er berre seksten år, og i den siste novella er det ein russefest som står i sentrum for handlinga. Når Mæhle skildrar vaksne karakterar er deira relasjon og kjærleik til ungane langt viktigare enn den relasjonen dei har til andre vaksne. Boka har likevel eit perspektiv og ein språkleg tone som gjer at dette ikkje er ein ungdomsroman, men snarare ei vaksenbok som også yngre lesarar vil ha glede av. Les meir »

Ingelin Røssland: Engleslakt

av Øystein Espe Bae tysdag 8. mars 2011

Engleslakt er tredje boka i Ingelin Røsslands spanande og populære serie om  detektivheltinna Engel Winge. Og det vert ikkje noko mindre nervepirrande denne gongen, om du trudde det!

Røssland (f. 1976) let seg ofte inspirere av miljø som ho sjølv har vanka i. Ho tek utgangspunkt i eit representativt, lite bygdesamfunn ein stad på Vestlandet, der ho let Engel ha den same jobben som ho sjølv ein gong hadde, som journalist i lokalavisa. I dei to første bøkene møtte lesaren ei rappkjefta og insisterande jente som var viljug til å ta drastiske sjansar for å kome til botns i dei sakene ho vart involvert i. Første boka, Englefjes handla både om menneskehandel, politisk korrupsjon og miljøvern. I oppfølgjaren Englejakt får lesaren servert mystiske forsvinningar, narkohandel og overgrep. På t-skjorta til hovudpersonen stod det «My name is Queen of Fucking Everything». Og det seier vel ein del? Her er det inga kjære mor! Les meir »

Robert Muchamore: Rekrutten & Kokainkongen

av Øystein Espe Bae onsdag 26. januar 2011

Å setje born i 12-årsalderen til å vere spesialagentar for den britiske etterretningstenesta er eit flott utgangspunkt for å skrive spanande historier som fengjer både han og ho.

Den britiske forfattaren Robert Muchamore nærast hypnotiserte den 12-årige veslebror min med dei nyleg utkomne ungdomsromanane Rekrutten og Kokainkongen. Her er det verkeleg tale om typiske «pageturnerar» tilpassa eit adrenalinhungrig publikum i 10–14-årsalderen. Begge bøkene er ein del av Cherub-serien som no gradvis vert omsett til nynorsk.

Hovudpersonen i historia er det samvitsfulle problembarnet James Adams. Serien startar med at mor hans døyr, og den elles evnesterke 12-åringen vert tilfeldigvis innrullert i ein noko spesiell skule som viser seg å rekruttere hemmelege agentar til CHERUB, ein statleg organisasjon som trenar opp spionar. Men det er ikkje vanlege, vaksne spionar dei skal ende opp med å verte. Fordi ingen vaksne vil mistenkje born for å vere agentar, er det nettopp mindreårige som vert brukte av etterretningstenesta på viktige oppdrag. Visste du ikkje det? Der ser du. Les meir »

Carl Frode Tiller: Innsirkling 1 & 2

av Øystein Espe Bae måndag 17. januar 2011

Carl Frode Tiller kom hausten 2010 ut med sin andre roman i trilogien Innsirkling, ein trilogi som har fått rosande merksemd og mange utmerkingar. I desse intenst urolege bøkene handlar det om unge menneske som alltid er i ei desperat og djup psykologisk krise.

Innsirkling 1

Innsirkling 1 handlar primært om dei tre forteljarane Jon, Arvid og Silje – og til ei viss grad om den minnelause David, som er avbilda på smussomslaget på romanen. Lesaren får eit klaustrofobisk innblikk inn i den håplause kvardagen deira, og vi får kjenne på kor vanskeleg det kan vere å vekse opp i eit konformt småbymiljø når ein har eigne tankar både om kven ein er og kven ein vil bli. Les meir »

Astrid Grønsnes: Raude, ville geiter

av Irene Garnes Hareide tysdag 11. januar 2011

Illustrert av Stina Langlo Ørdal

Boka Raude, ville geiter er ei biletbok som passar for barn i barnehagen. Boka er skriven av Astrid Grønsnes, og bileta er det Stina Langlo Ørdal som har skapt. Vi møter Inga og Alma som er på besøk hjå bestemor, Besta. Her er det fyr i vedomnen, og ei relativt ung Besta sit i ein moderne turkis godstol. Med raud naglelakk på tærne og stilige briller, er ikkje Besta heilt tradisjonell, men strikkar gjer ho, som forventa av ei bestemor. Inga og Alma ligg på golvet og leikar med garnnysta. Det er ein typisk kvardagssituasjon med andre ord, og det er duka for ei skildring av den klassiske inneleiken, du veit denne leiken som liksom kjem i gang ut av ingenting, gjerne i ei bestemorsstove når ein er tre-fire-fem år slik som Inga og Alma.
Les meir »