Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret. Her kan lærarar og andre finne tips til nye, gode nynorske bøker som høver for ulike aldersgrupper.

Barnas eigne vitsar

av Janne Karin Støylen torsdag 18. august 2011

Av Ragnfrid Trohaug og Nana Rise-Lynum (red.)

Du hugsar vel kvifor svenskane har runde hus og kor mange svenskar du treng for å skifte ei lyspære. Og kvifor dei går på do med open dør og har med seg stigar i butikkane. Men veit du kvifor dei har tomme flasker i kjøleskapet? Og kvifor dei bruker øyrevarmarar? Og korleis dei avlivar fiskar?

Barnas eigne vitsar er sende inn av lesarane av Norsk barneblad. Det er svenskevitsar, vampyrvitsar, skulevitsar, mor-og-far-vitsar og mange fleire. Og gåter! Artige og rare, morosame og teite. Lette å lese og lette å lære. Lesarane kan få lyst til å lage sine eigne vitsar, dei vittige poenga kjem når ein leikar med språket og har det moro med ord: Les meir »

Jim Woodring: Dei samlar seg, dyra

av Arild Torvund Olsen tysdag 14. juni 2011

Tenk deg ein surrealistisk draum i eit svart-kvitt-landskap med detaljerte skraveringar. Sleng inn ein søt teikneseriefigur inspirert av animasjonsfilmar frå 1920-talet, og resultatet ville kan henda ha vorte noko liknande av den nye boka til den amerikanske serieskaparen Jim Woodring.

Den norske utgåva av Congress of the Animals har fått tittelen Dei samlar seg, dyra, og ho kjem ut på Jippi forlag. Sjølve forteljinga er heilt ordlaus, men bakpå boka finn me ei samling sitat frå mellom anna I Ching, Salvador Dalí og Jim Woodring sjølv. Les meir »

Kari Stai: Mopp og Mikko

av Irene Garnes Hareide fredag 10. juni 2011

Mopp og Mikko er ein bokserie for dei minste barna. Det er Kari Stai, mor til dei kjende barnebokkarakterane Jakob og Neikob, som står bak både tekst og bilete i bøkene, og dei fire første bøkene er no ute på marknaden: Mopp og Mikko elskar ting, Mopp og Mikko elskar dyr, Mopp og Mikko elskar mat og Mopp og Mikko elskar kjøretøy.

Vi ser at alle bøkene har ein tittel som fortel om noko Mopp og Mikko elskar, og bøkene handlar om at dei to venene jaktar på det som dei har så lyst på. Alle bøkene startar likt. Først får vi vite kva Mikko elskar: «Mikko elskar ting/dyr/mat/kjøretøy!» Som respons på dette seier Mopp: «Kom så fer vi på ting-/dyre-/mat-/kjøretøy-jakt!» Les meir »

Nei! sa Veslemonster & Store monster græt ikkje

av Petra J. Helgesen måndag 6. juni 2011

Tekst: Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir
Illustrasjon: Áslaug Jónsdóttir
Omsetjing: Tove Bakke
Skald forlag

Dei to bøkene om Veslemonster og Storemonster er parallelle historier. I Nei! sa Veslemonster er det Veslemonster som fortel, mens i Store monster græt ikkje er det Storemonster som fører ordet. I begge forteljingane vil ikkje eg-personen leike med den andre: «Å nei! Det er Storemonster! Då opnar eg ikkje! Når Storemonster kjem blir ingenting moro lenger. Han skal alltid bestemme»,  tenkjer Veslemonster. «Å nei! Det er Veslemonster! Han vil eg ikkje leike med. Når Veslemonster kjem veit han alltid best»,  tenkjer Storemonster. Veslemonster er redd for å setje grenser, og Storemonster er redd for å ikkje strekke til. Les meir »

Robert Muchamore: Flukta. Cherub 3

av Petra J. Helgesen fredag 3. juni 2011

Omsett av: Øystein Rosse

Det Norske Samlaget

Då Robert Muchamore byrja skrive Cherub-serien, ønskte han å skrive nett ei slik bok han sjølv leita etter då han var tretten. Suksessen til serien, no omsett i tjuefem land og snart på film, er kanskje eit prov på at trettenåringar i dag og for tjue år sidan ikkje er så forskjellige. Dei vil ha store dosar spenning, personar å identifisere seg med og ein dæsj romantikk på toppen.

Flukta er det tredje Cherub-eventyret til trettenårige James Adams, og denne gongen er også veslesystera hans, Lauren på ti, med på farleg oppdrag. Cherub er ein superhemmeleg organisasjon som trenar barn opp til agentar, og James og Lauren blei rekrutterte då mora deira døydde. På sitt første felles oppdrag skal dei to søskena hjelpe sonen til ein av USAs mest ettersøkte forbrytarar, våpenhandlaren Jane Oxford, med å flykte frå høgrisikofengselet Arizona Max. Curtis Oxford er fjorten år og sit fengsla for drap, på sovesal med niogtjue andre livsfarlege ungdomskriminelle. James blir arrestert og dømt med falsk identitet, og som innsett i Arizona Max skal han prøve å bli ven med Curtis. Lauren skal hjelpe dei to gutane på utsida av murane, om dei klarer å rømme, og då håper MI5 og FBI at dei tre ungane skal føre dei til Jane Oxford og trettifem stolne presisjonsstyrte rakettar. Oppdraget er risikabelt frå første stund. Les meir »