Tverrfagleg ressurs i samfunnsfag, norsk og engelsk
6. til 9. trinn
Dette undervisningsopplegget til boka 10 ville ekspedisjonar er 11 korte leksjonar fordelte på 11 dagar. Ressursen er inspirert av den svenske læraren Micke Hermansson sin læringsmetode «Grej of the day». Målet med metoden er å gjere kunnskap kjekt og kult. Elevane får høyre om ekspedisjonar til månen, verdas høgste fjell, verdas djupaste havdjup og verdas djupaste grotte. Måla med dette undervisningsopplegget er at elevane skal lære om spennande ekspedisjonar rundt i heile verda frå dei siste hundre åra. Dei skal lytte til nynorske tekstar om desse ekspedisjonane, og dei skal fortelje munnleg om det dei har lært, når dei kjem heim. For kvar tekst har vi lagt inn eit forslag til ein filmsnutt som kan «hekte elevane på» emnet. Fleire av desse filmane har engelsk tale. Her får elevane trening i å lytte og forstå engelsk.