Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marit Kaldhol og Wenche Øyen: Farvel, Rune

Rekna av mange for å vere ein norsk klassikar, Farvel, Rune av Marit Kaldhol og Wenche Øyen, fortel historia om Rune og Sara.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Farvel, Rune

Rune og Sara er bestevener og naboar. Dei skal gifte seg og bli mamma og pappa når dei blir vaksne. Denne dagen vil dei leike ved dammen. Dei har tatt til å bygge ei kai ved vatnet, og Rune har med seg ein liten båt. Medan dei leikar mistar Sara votten på bakken og han blir våt. Ho skal forte seg heim og finne ein ny. Men då Sara kjem tilbake, finn ho ikkje Rune. Plutseleg oppdagar ho han liggjande i vatnet, med ansiktet vendt ned.

Då blir Sara så redd at ho snur seg rundt og spring – spring det fortaste ho kan, heimover.
– Mamma, mamma! skrik ho. – Mamma!
Ho skrik så høgt at halsen nesten vil sprekke.
Men før ho kjem heilt heim, er besten der.
– Han Rune ligg uti vatnet! Han ligg uti vatnet!
Han seier ingenting!
Besten er rask. Får Sara opp på trappa til besta, og så legg han på sprang
mot dammen. Der Rune er.

Farvel, Rune er ei gripande forteljing om gode venskap, døden og sorg. Dei fantastiske illustrasjonane dannar sterke og minnerike inntrykk. Det er ei trist forteljing, men ho klarar å nærme seg vanskelege tema som død og sorg på ein fin og attkjennande måte. Boka kan nyttast som inngangsport til samtaler med barn om døden, og talar til barn som vaksne.

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6