Jan Kjærstad og Vivian Zahl Olsen: Jakta på dei løynde vaffelhjarta

Jakta på dei løynde vaffelhjarta fortel historia om Marit og Jon-Jon som har flytta til den store byen med veslesøster, far og mor. Dei er spente og litt urolege for alt det nye. Far, Marit og Jon-Jon har reist til leilegheita før mor og veslesøster. Leilegheita er full av uopna flyttekasser og ting, men far vil at dei skal rydde klart innan dei andre kjem. Han foreslår at dei kan steike vaflar for å gjere jobben litt enklare og sender barna ut på den store vaffel-ekspedisjonen for å låne ingrediensane dei treng hjå naboane. Dette viser seg å bli litt av ei utflukt og dei får helse på alle dei underlege, spennande og gjestfrie naboane i blokka.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Jakta på dei løynde vaffelhjarta

Jakta på dei løynde vaffelhjarta er ei forteljing med mykje humor og lærdom. Boka tilbyr lesaren eit blikk inn i det private, mennesket sin heim, og viser gjennom tekst og bilete verdien i at vi alle er unike med ulike ting å tilby.

Dei detaljerte og fargerike illustrasjonane tek karakterane til nye høgder og nærmast personifiserer blokka og gjer ho til ein karakter i seg sjølv.

Forteljinga trekker fram viktige tema som samhald, naboskap og å vere venleg – verdiar som er like viktige og aktuelle i dag som for 25 år sidan.