Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Klare sjøl – kokkar små med kopp og skei

Reidunn Otterdal, Anne Britt Sårheim og Ann-Iren Ulvedal, Hornindal barnehage

Dette er ei kokebok som har som mål å inkludere barna i matlaginga. Ho er laga av Hornindal barnehage, som har satsa på dette i fleire år. Boka er strukturert etter årstidene, og her finn ein tradisjonsmat, festmat, kvardagsmat og mat som ein kan lage utandørs.

Boka byggjer på ein tanke om at matlaging er noko barn og vaksne kan ha glede av å gjere i lag. Ein må berre legge til rette for at barn får ta del og få oppgåver som dei meistrar. Oppskriftene i boka er difor utstyrte med symbol som barna kan kjenne igjen. I staden for måleeiningar som desiliter og gram opererer ein her med «koppar» og «skeier» som måleeiningar. Slik blir det mogleg for barna å vere med på prosessen frå starten av.

Dei ulike oppskriftene varierer i vanskegrad, og medan nokre krev eksotiske ingrediensar som nyplukka blåbær eller friske urter, er andre enklare oppskrifter som det ikkje er vanskeleg å finne råvarer til. Boka følgjer årstidene, og slik kan ein la seg inspirere til å bruke sesongvarer og kanskje lokale råvarer. Sjølvgjort er som kjent velgjort, og i denne boka kan ein la seg inspirere til å ta enda eit steg i denne retning, for her er det i tillegg tips om korleis ein kan dyrke urter og korleis ein kan sylte og safte og hermetisere haustgrøda på tradisjonelt vis.

I denne boka er mat meir enn berre næring. Mat er ein viktig del av det sosiale livet, og det er knytt til tradisjonar som igjen gjerne er knytt til spesielle tider på året. Her kan ein finne oppskrifter som høyrer høgtidene til. Før jul er det tid for lefse-baking og sylteflesk, til fastelavn må ein jo ha bollar, og til sommarfesten, barnehageavslutninga, kan ein slå til med blautkake og muffins.

Boka har mange kjekke og inspirerande bilete av små kokkar i aksjon, og desse kokkane har òg hatt ei hand med når det gjeld illustrasjonar til dei ulike oppskriftene. Dette er ei bok som passar godt for bruk i barnehagar og på barneskular, men det er òg ei bok som barn og vaksne kan ha glede av å ha i heimen.

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6