Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Max Velthuijs: Frosken finn ein venn

Frosken_finn_ein_vennPå ein tur i skogen finn Frosken ein liten brun bjørn med raud trøye. Han ligg aleine og attgløymt, med svarte knappeauge og ei li lita tåre på kinnet. Frosken tar med seg den nye vennen heim, og passar godt på han.

Haren fortel frosken at bjørnen berre er ei leike, og at den ikkje eingong kan snakke. Men til stor undring for dei andre dyra greier faktisk frosken å lære bjørnen å snakke! Dei to blir bestevenner og gjer alle ting saman. Men så ein forferdeleg dag seier den vesle bjørnen at han vil dra sin veg, tilbake dit han kom i frå. Frosken er utrøysteleg. Kjem bjørnen verkeleg aldri tilbake?

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Frosken finn ein venn

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6