Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Eva Jensen og Gry Moursund: Tre høns på plenen og fire egg

Ei frodig og fargesprakande biletbok om tal for dei nyfikne og teljeglade frå 3-4 til 6-7 år.

Eva Jensen har skrive fine dikt og små forteljingar der tala frå 1 til 12 er sentrale, og illustratøren Gry Moursund har sett teksten i scene med teikningar som glitrar av leikelyst og fantasi, og tek vare på både humoren og poesien. Fargane er vakre og særmerkte. Ei bok til læring, undring og glede både i sofakroken og i klasserommet, og ein leikande introduksjon til den spennande talverda.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Tre høns på plenen og fire egg

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
dikt