Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Max Velthuijs: Den forelska frosken

Den_forelska_froskenDet er ikkje alltid så lett å vere forelska… Men det er lett å forelske seg i frosken! Ny utgåve av denne søte vesle boka, i spesielt kjærast-format. Her møter vi frosken som går rundt, og kjenner seg så rar, og ikkje veit om han er glad eller lei seg. Han har gått omkring som i ørska heile veka, og fattar ikkje heilt kva det er som skjer. Kan det ha noko med den kvite anda å gjere? Og er det mogleg for ein grøn frosk og ei kvit and å vere kjærastar?

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Den forelska frosken

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6