Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lars Mæhle: Harry og Ivar finn opp krutet

Harry og Ivar er to sære typar som leiger eit gammalt tømmerhus i utkanten av byen.

Der bur også hunden Kåre Albert, som etter kvart spelar ei viktig rolle i denne ville forteljinga. Ein dag kjem eigarinna av huset for å kaste dei ut, fordi ho vil selje. Dette er verkeleg krise, for sparegrisen er tom, og kvar skal dei få pengar frå om dei vil kjøpe? Dei må klare å vinne den utlyste oppfinnarkonkurransen som dei les om i avisa. Harry vil finne opp ein kjempekinaputt, og hånar Ivar – som på si side allierer seg med ein ekte oppfinnar.

Boka finst også som lydbok.

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12