Hans Sande og Gry Moursund: Arkimedes og Prompeland

Arkimedes og prompelandDette er tredje boka om Arkimedes, pappa og Evreka. Akkurat som i dei to føregåande bøkene ligg pappa i badekaret med bollemagen i veret og lagar såpeboblar. Opp mellom låra hans kjem svære prompeboblar buldrande, han fis så mykje fordi han har vore for lenge i Prompeland. Evreka trur ikkje at Prompeland finst, men pappa vil vise ho noko anna. Saman med Arkimedes drar dei til sjøs, langt ut i det Indiske hav. Der ligg Prompeland, der pappa var i sin ungdom, og Evreka og Arkimedes får seg mang ei overrasking.