Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tarjei Vesaas og Steffen Kverneland: Ein motig maur

Den særs allsidige teiknaren gledde mange med sine «Amputerte klassikere» i avisa Dagbladet for nokre år sidan. Tarjei Vesaas» novelle «Ein motig maur» var vel ein av dei kortaste klassikarane han amputerte, men den vart ein av hans lengste og beste!

Det er ei glede å presentere denne overmotige, illsinte mauren i Kvernelands strek og med hans respektfulle nedkorting av teksten, tilpassa teikneserieformatet. Boka vil overraske og glede både barn, unge og vaksne, og kan for mange bli eit første appetittvekkjande møte både med forfattaren og teiknaren.

Fleire boktips

6–9
krim
9–12
9–12