Barbro Lindgren og Eva Eriksson: Bella i Barnehagen

Bellaibarnehagen«No skal Bella i Barnehagen. Det må alle. Kongen har sagt det. Men krokodilla og frosken må bli heime for dei er forkjølte.» Vesle Bella er i same situasjon som mange små born denne hausten. Ho skal byrje i barnehagen, og alle leikene og kosedyra må vere att heime. Men det er fint i barnehagen. Der har Bella ein kjærast, og endå ein som vil vere kjærast! Det blir leik og slåsting, gråting og kosing. Slik er det i barnehagen. Heime att har alle kosedyra vorte friske, og dei har laga ein flott fest for barnehage-Bella.

Boka er omsett frå svensk ved Marit Tusvik. Med lite tekst og fine, forteljande bilete eignar denne boka seg for høgtlesing heilt ned i toårsalderen. Den vesle lesaren vil kjenne seg att i situasjonane og stemningane. Å setje ord på prosessen med tilvenning i barnehagen for dei små nybyrjarane kan vere ei god hjelp.

Det finst fleire bøker om Bella, og forfattarane er også kjende for småbarnsbøkene om Pål.