Brit Bildøen: Huset Goggenheim

Saman med far sin flyttar tvillingparet Maren og Magnus inn i eit gammalt, falleferdig hus ute på ei klippe. Straks begynner tvillingane å høyre merkelege lydar, og dei vaknar av at nokon står og pustar på dei. Det viser seg at ein hund går att i huset. Newfoundlandshunden Goggen omkom då han forliste saman med eigaren ute på havet. Etter denne ulykka har ikkje hunden fått fred, og prøver å berge alle i huset – noko som ikkje alltid er like morosamt. Men det skal vise seg at spøkelseshunden blir god å ha.