Wolf Erlbruch: Det store spørsmålet

DetstoresporsmaaletOmsett av Ragnar Hovland.

Frå forlaget Mangschou i Bergen ser det ut til at vi kan vente oss nokre nynorske godbitar for barn og unge. Frå før har forlaget gjeve oss samarbeidet mellom Erna Osland og illustratør Marvin Halleraker, eit samarbeid som resulterte i flott og prislønt fagprosa i bøkene Skarpe tenner og Fint å ha far.

Boka som vert presentert i dette tipset er skriven av den tyske forfattaren og illustratøren Wolf Erlbruch. Bøkene hans er gjevne ut over heile verda og mottek gjæve prisar. I Noreg er han kanskje mest kjend for boka Den lille Muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans.

Denne gongen er spørsmålet større og meir alvorleg, kanskje det største spørsmålet av alle: Kvifor er vi her på jorda? Det er barnet som spør. Svara er ulike, alt etter kven som blir spurt, om det er katten, bestemor, steinen eller anda. Dei opnar for gode samtalar og refleksjon saman med den vesle lesaren. Det trygge og viktige svaret som avsluttar boka får mor lov å gje: «Du er her fordi eg elskar deg.»

Boka er tidlaus og kan følgje barnet gjennom oppveksten. Ho vil vere fin å ta fram når barnet sjølv vert forelder og besteforelder. Ei bok som varer heile livet.