Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Godnattboka

GodnattbokaIllustrert av Gunvor Rasmussen

– Trøbbel med å sove, Finn? Tigeren dukkar fram frå gøymestaden under senga så snart foreldra til Finn går inn i stova. Bestefar fortel at det er skumle dyr under sengene til alle born i heile verda, nokon har ein hoggorm, andre ei krokodille. Sjølv hadde han ein flodhest. Slike skumle dyr er alltid veldig snille, seier bestefar. «Yo, Finn,» helsar tigeren, «kul togbane!» Når Finn ikkje får sove fortel tigeren lenge og detaljert om favorittsporten sin, cricket …

Frode Grytten har løyst utfordringa frå forlaget Skald om å skrive ei ny nynorsk godnatt-forteljing for born, med humor og spenning. I Godnattboka finn ein 22 historier med passeleg lengd for ei leggjestund. Fleire er tøysete og morosame som Grytten si, nokre er nifse, andre er lærerike, nokre er søte og ei går an å syngje! Variasjonen over temaet å leggje seg og å drøyme er stor.

Halvparten av bidragsytarane skriv for born for første gong. Stor honnør til forlaget for eit kreativt utval av forfattarar! Det er spennande og imponerande å sjå kor godt nykomlingane kjem frå det. Med etablerte og meritterte forfattarar som Brit Bildøen, Ragnar Hovland og Einar Økland på same lag i forteljestafetten, vil alle kunne finne seg nokre favorittar i denne samlinga.

Illustrasjonane til Gunvor Rasmussen gjev forteljingane ein felles identitet, dei held mangfaldet i hop på ein nett og tiltalande måte. Boka er enkelt sagt veldig fin, med friske akvarellfargar og svært god papirkvalitet.

Godnattboka fekk Nynorsk barnelitteraturpris. Vel fortent både for ide og initiativ. Når gjennomføringa har gjeve oss ei bok som ser ut til å kunne ende opp «som eit moderne standardverk», slik juryen skriv, er det berre å gratulere!

Boka finst også i lydbokutgåve.

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6