Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Eli Kari Gjengedal: Karl Oscar i hardt vêr

Karl_OskarIllustrert av Ingunn E. Wiken

Strålande sol og herleg sommarvarm bris inn det opne vindauget på kontoret, for ein nydeleg dag! Finevêret gjer ekstra godt etter ei regntung vestlandsveke. På skrivebordet ligg ei flott biletbok om det skiftande vêret vi har i klimaet vårt, skriven for barn av vêrpresentatør Eli Kari Gjengedal. – Eg vil bidra til at neste generasjon vert oppteken av realfag, seier ho. – Ungar veit mykje om vêr! Dei lever i vêret og er veldig opptekne av det.

– Hovudpersonen måtte vere eit loddent vesen. Han vert ordentleg våt når det regnar, pelsen kan bli elektrisk og du kan sjå at han tørkar i vinden. Illustratør Ingunn E Wiken fortel om katten Karl Oscar som er hovudpersonen i forteljinga.

Familien til Karl Oscar reiser på ferie, men han vil slett ikkje vere aleine heime. Han klamrar seg fast i takstativet på bilen og blir med! Plutseleg tek ein kastevind tak i han og slengjer han langt av stad. Denne flygeturen vert starten på ei lang og spennande reise. Det kjem til å ta eit heilt år før Karl Oscar er heime igjen.

Nedst på kvar venstreside er det plassert ein liten faktatekst om vêret katten opplever. Sol og regn, lyn og tore, nordlys og midnattssol. Og mykje, mykje meir. Desse tekstane er korte og informative. Katten har si historie ovanfor, og for så vidt uavhengig av, desse faktatekstane.

Om ein skal lese historia og fagtekstane kvar for seg eller i lag, kan vere lurt å tenkje igjennom før ein set seg ned saman med borna. Dei flotte illustrasjonane fortel også små bonusforteljingar som ikkje er med i teksten. Ingunn E. Wiken er frå før kjend for å ha laga dei sprelske og fargesprakande bileta i nyutgjevinga av Gåsa, katten og hanen av Jakob Sande.

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6