Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Linn T. Sunne: Happy

Mo byrjar på ny skule ein ny stad. Ho og faren er nett flytta dit, han arbeider som lege og Mo går i sjuande klasse. Alle er nysgjerrige og tek godt imot henne i klassen. Kven er ho, kvar er mora, har ho søsken? Mo fortel og fortel. Men sanninga kan ho ikkje fortelje, ho gjer for vondt. Løgnene innhentar henne, og snart trur ikkje dei andre i klassen på det som er sant heller. Alle så nær som Hanne, den einaste som vågar å vere saman med Mo når dei andre går.

Handlinga er truverdig og engasjerande. Mo er ei samansett jente som har opplevd mykje vondt. Ho prøver å greie seg aleine, men å tore å ta imot hjelp vert viktig for å kunne fortelje og leve med det som har hendt. Og leve vidare.

Linn T. Sunne er fødd i 1971. I tillegg til å vere forfattar arbeider ho på bokbussen i Oppland. Tidlegare har ho gjeve ut bøkene Stjernestøv (2000), Under morelltreeet (2001) og Luna (2003).

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker