Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tore Elias Hoel: To gutar til Paris

Det nærmar seg eksamen i tiande klasse. Albert og den einaste kameraten hans, Kyrre, skal opp i fransk munnleg. Dei andre gutane gjev ikkje Albert fred. Kvifor er han så liten? Kvar er faren? Har han i det heile nokon far? Albert bestemmer seg for å svare denne gongen. Faren er berømt kunstnar, han stiller ut i Pompidou-senteret i Paris, og snart kjem han til heimstaden for å ha utstilling her! Då dei er ferdige med eksamen, tek Albert med seg konfirmasjonspengane og overtalar Kyrre til å bli med til Paris for å leite etter faren. Så dreg dei!

Albert utviklar seg mykje og positivt gjennom boka, og til betre han trivst med seg sjølv, til lettare har han det saman med andre.

Tore Elias Hoel er fødd i 1953. Han har mellom anna gjeve ut Fire dagar i Nairobi (1999), Glaskula (2003) og Vinterfilm (2005).

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12