Ingelin Røssland: Handgranateple

– Er du ikkje ferdig med øla? – Jo, men eg må jo få nyta det. Eg held pusten og heller innpå. Vil ikkje vise Malin at eg aldri har drukke øl før. Sjølv om eg held pusten, kjenner eg den beiske smaken, og saman med kolsyra gir det meg tårer i auga. (…) Tenk om eg blir så full at eg må spy? 

Anja har flytta frå heimbygda og morellgarden i Hardanger inn til Odda for å gå på vidaregåande. Nye veninner, gutar, hybelliv og festing. Det kan sjå ut som eit litt tradisjonelt plot frå Ingelin Røssland. Men Anja er ei spesiell jente. Det nye ho møter og må takle er meir enn øl og ivrige gutar. For kven er Malin, eigentleg? Og kven er Anja? Kven skal ho vere no?

Identitet, sjølvrespekt og venskap er viktige tema i boka. I eit drivande, reinskore språk med høgt tempo dreg forfattaren oss med inn ei spennande, truverdig forteljing som vil appellere både til gutar og jenter i ungdomsskule og vidaregåande skule. Boka passar godt også for nye lesarar som treng særleg engasjerande historier for å komme i gong med lesinga.

Ingelin Røssland har gjeve ut ungdomsromanane Viss du vil (1998), Kunsten å inhalera (2001) og Flyt (2002). Forfattarskapen hennar vil gje gode leseopplevingar til ungdom som ikkje er så glade i å lese frå før.