Arnfinn Kolerud: Zoomarferien

«Jeg kjenner ingen som kan måle seg med Kolerud når det gjelder presise, følsomme og likevel varme beskrivelser av veien ut av barndommen.» (Morten Haugen, Adresseavisa)

Ungdomsromanen Zoomarferien er ein relativt frittståande oppfølgjar til den prislønte oppvekstromanen Den som ikkje har gøymt seg no frå 2004.

Vi møter att 14-åringane Odd og Per Tore, som skal vere heime heile sommarferien. Per Tore har fått nytt fotoapparat, og vil satse på å tene pengar på snikfotografering og utpressing. Første mål for paparazzoane er ei jente i parallellklassen som kanskje skal besøkje besteforeldra sine som bur i nærleiken. Dei har ein hest ho brukar å ri på. I fjor sommar var ho der ein gong utan å ri på hesten, då låg ho berre og sola seg i ein blå bikini. Kanskje er bikinien blitt for liten i år?

«At ei jente i parallellklassa kunne vekse seg ut av ein bikini, det kunne ein tenke på nokså lenge. – Og kanskje er det så tidleg på sommaren at ho ikkje har kjøpt seg ny enno, sa Per Tore – Det er mykje kanskje her, sa Odd. – Slik er det nok å vere fotograf, sa Per Tore.»

Den spennande historia har plass til mykje ledig humor, innsmett og avstikkarar frå hovudforteljinga. Som tidlegare er komikken ofte forankra i språket. Til dømes når den tidlegare fotballtrenaren Gneldrepungen utarbeider «Instruks for munnbruk av bana», og ikkje tillet «uthalande bruk av brølevokalane Æ og Å». Det vesle portrettet av gamle Sigmund Slåtten er eit herleg døme på det same. Han vert berre kalla Andreslåtten, sidan han er yngst av to brør. På dugnad på tennisbana gjev han Odd eit godt råd om jenter:

«Det var slik Odd kunne sjå om jentene likte han, sa gamlingen; ein måtte sjå om dei raudna når dei kom nær. Og det skulle Odd vite, at alle jenter som raudna, det var kjekke jenter. Men dei som ikkje raudna, kunne vere meir så som så.»

Arnfinn Kolerud (1968) er frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte i 1996 med Berre ikkje brøyteplogen kjem, som fekk kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur.