Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Torvald Sund: Da nissen kyssa mamma

Illustrert av Tord Nygren

Torvald Sund har laga ei fin forteljing om julenissen, som dei fleste av oss kanskje ikkje trur på lenger. Stinus er ikkje heilt sikker han heller. Tida sniglar seg av garde, eller ho går nesten ikkje i det heile tatt. Mor, far og Stinus ventar på julekvelden og julenissen. Nett då dei skal setje seg til bords kjem far på at han har gløymt gåva til onkel Anton! Så når nissen bankar på er han ikkje heime … Mamma gjer ikkje det minste forsøk på å halde nissen att så far får møte han heller, og då nissen skal gå reiser ho seg og kysser han! Midt på munnen!

Stinus går ut i julenatta for å finne nissen og fortelje han at ikkje har noko med å kysse mora hans. Han vil gå til Anton og spørje om pappa har vore der, kanskje var det berre han som kledde seg ut? På vegen møter han fleire nissar, alle med masker og lausskjegg, og når han endeleg kjem fram til Anton, har ikkje pappa vore der i det heile. Når han nærmar seg huset heime, møter han ein skiløpar med kvitt skjegg og raud topphuve. Sekk på ryggen har han òg. Sekken er full av fine gåver.

Denne boka eignar seg fint til høgtlesing på barnetrinnet i adventstida. Forteljinga er spennande, og lesaren vekslar mellom å tvile og tru på nissen saman med Stinus.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6