Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland: Fint å ha far

Illustrert av Marvin Halleraker.

«Mange barn bur berre hos far. Du er kanskje ein av dei? Då skal du vite at du ikkje er den einaste fuglen i skogen, over heile verda finst det fugleungar som veks opp med far.»

I boka Fint å ha far fortel Erna Osland om farskap i dyreverda, om ulvar, fiskar og froskar som har livsviktige omsorgsfunksjonar for ungane sine. Mange dyreungar må greie seg aleine, dei som får omsorg får det oftast frå mor. Men denne boka handlar om unntaka, om fedrene som kanskje til og med er aleine om omsorga for borna, slik som hjå bladhønene som lever på elvar og vatn i Afrika, Asia og Sør-Amerika.

Men er du eit menneskebarn har du likevel den faren som er mest kjærleg og oppfinnsam av alle, sjølv om han kanskje ikkje eingong er din biologiske pappa: «Ein menneskefar kan finne meining i å bli stefar, fosterfar eller adoptivfar. Han kan vite at barnet ikkje har hans arveeigenskapar og at han dermed ikkje får vere med på den store biologiske reisa. Og likevel held han av det. Han ber det med seg som ein bladhønefar, gir det hus som beveren eller søv med det om natta som ein svartspettefar. Han varmar det og fortel kva som har hendt ute i verda eller på jobben. Det er spesielt fint å ha ein menneskefar!»

Marvin Halleraker har illustrert boka med sin karakteristiske, lett karikerte og morosame strek. Boka kan lesast høgt frå første klasse, i alle fall enkelte delar. Den informative, men kortskorne skrivestilen til Erna Osland gjer at boka godt kan brukast av ulike aldersgrupper, dette er jamvel ei fin gåve til pappa!

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12