Ragnar Hovland: Verdt å vite (trur eg)

«Ei oppslagsbok for unge i alle aldrar om kva som er verdt å vite i livet,» seier framsideteksten. Dei små tekstane er organiserte alfabetisk, og slik er det ei opplagsbok ein kan lese mykje eller lite i, ein kan lese kva ein vil, kvar ein vil, og i kva rekkjefølgje ein vil. Dette er ein flott introduksjon til Ragnar Hovland sin forfattarskap for unge lesarar. Som lesar står du svært fritt med denne boka i handa. Slik er det godt å ha det som ung, kanskje uvand lesar.

Som alltid får du aldri det du forventar når du les Hovland sine definisjonar på omgrepa som han meiner det er verdt å vite noko om:

Frisyre (Frisyre)
Det viktigaste er å unngå å sjå ut som ein tulling på håret. Bortsett frå dei som synst det er eit poeng å sjå ut som ein tulling på håret.

Rolling Stones
Engelsk rockeband som begynte samtidig med The Beatles og held på enno. Det burde dei kanskje ikkje gjere.

Gutar
Gutar er meir høgrøysta enn jenter og dei er vanlegvis litt meir interesserte i bilar og i sport. Men dette er i ferd med å utjamne seg. Det blir ofte sagt (av jenter) at gutar berre tenkjer på ein ting. Dette er ikkje heilt sant, dei tenkjer også mykje på sex.

Somme tider set han likevel humoren og ironien til sides, og gjev oss vakre, alvorlege og hovlandsk gode forklaringar på viktige omgrep:

Kjærleik
Ein har ei kjensle av at kjærleiken er noko meir enn det meste anna. Meir enn å ha ein kjærast, meir enn å vere forelska. Kjærleiken er noko som held seg trass i motgang og kriser, om ein berre passar på den, slik at den ikkje forsvinn. (…) Ein skal vere litt forsiktig når ein snakkar om kjærleiken, ikkje seie for mykje. Elles kan det hende den drar sin veg. Så det får bli med dette. Eg håpar for din del at kjærleiken ein dag står utanfor døra di, og at du då slepper han inn.