Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gianni Rodari: Fablar i telefonen

Frå italiensk ved Steinar Lone

Utover at nynorske barnebøker generelt er god litteratur, utmerkar dei seg også på enkelte område med særleg høg grad av innovativitet og bevisst kvalitetstenking. Eitt av desse områda er omsett litteratur. Janosch sine bøker om Bjørnen og Tigerern og forteljingane om frosken av Max Velthuijs er gode døme. I 2002 kom boka Fablar i telefonen av Gianni Rodari.

Rodari (1920–1980) fornya barnelitteraturen med tema og former som framleis verkar uventa og forfriskande. Denne samlinga av små fablar er ei svært anvendeleg og morosam bok. Dei små lesestykka tek mellom 5 og 15 minutt å lese høgt, og kan enkelt smettast inn i samanhengar der ei lita økt med høgtlesing vil høve, kanskje i matpausen, ved sengekanten, når skuledagen startar eller sluttar. Kvar historie er ei enkeltståande forteljing, der uventa og fantastiske hendingar avløyser kvarandre i eit enkelt og kvardagsleg språk. Med humor og fantasi snur han forventningane våre på hovudet, og let lesaren sjå verda med nye auge og tenkje nye tankar.

I 1970 vart Rodari tildelt H.C. Andersen-prisen, også kalla barnelitteraturen sitt svar på Nobelprisen. Historiene i denne boka vender seg til barn i alderen 6–12 år. Men som så ofte gjer den høge kvaliteten og dei mange laga i litteraturen tekstane til svært gode leseopplevingar også for den vaksne formidlaren.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12