Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Mary Bente Bringslid: Dei blå revane

Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

«Minst ein gong om dagen bør vi høyra ein liten song, lesa eit godt dikt, sjå eit vakkert bilete, og om mogeleg – seia eit par fornuftige ord.» Dette høyrest kan hende ut som mottoet for ein moderne leseaksjon eller kunnskapsløft, men det er eit fleire hundre år gamalt visdomsord av Johann von Goethe.

Gode dikt for born finst det mange av, om ein leitar i den moderne, nynorske barnebokhylla. Mary Bente Bringslid brakdebuterte med denne samlinga i 2003, som ho fekk kulturdepartementet sin debutantpris for.

Dikta, som er delte inn i fire seksjonar: Dagen kjem, Troll i ord, Dyr i skrift og Lampedraum, snakkar med kvarandre innanfor kvar seksjon. Her får lesaren filosofiske, humoristiske og lærerike fabuleringar kring tema som tid og rom, lys og mørke, dyr og ord.

Både utforminga og illustrasjonane i boka er innbydande. Formelt er dikta relativt tradisjonelle, ofte med eit fast rim-skjema. Ordleiken er basen i dikta, men Bringslid tek eit steg tilbake frå det typisk postmoderne ved at ho gjev tekstane eit pedagogisk innhald. Slik både lærer vi om og undrar oss over tema, og tekstane er skrivne slik at dei set fantasien i sving:

Lyder du til ord med begge øyro
får du svar
Då hender det ting
Du kan lene deg tilbake
og vente på bokstavtoget
som kjem rundt neste sving
Stig på!
Dei blå revane ventar på deg

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
dikt
Frost
3–6
3–6