Mary Bente Bringslid: Hunden parabol tenkjer på månen

Hunden parabol tenkjer på månen«Det er ingen sjølvsagt ting at eit lite språk i eit lite land satsar så stort på barnelyrikk som ein har gjort innanfor den nynorske tradisjonen. Men det har ein altså gjort, og det er oppsiktsvekkjande både i nasjonal og internasjonal samanheng,» seier barnebokforskaren Ingeborg Mjør.

Dette er den andre diktsamlinga for born av Mary Bente Bringslid. Nett som dikta i debutboka Dei blå revane, set dikta i Hunden parabol tenkjer på månen fantasien i sving.

Som Guri Fjeldberg skriv på Barnebokkritikk.no:
Det er desse uventa vinklane å sjå verda ifrå, desse mange overraskande «hovudpersonane», som gjer dikta til Bringslid til slik fascinerande lesnad. (…) Den barnlege undringa når heilt ned på bokstavnivå, til dømes der barnåla jamfører seg med ein barneål på vandring fra Sargassohavet: «– Vi er veldig like, seier barnåla stolt,/– eg manglar då berre ein e!»

Ein del av dikta i denne boka vert som små forteljingar der språket er reinskore og gjennomarbeidd:

Hunden likar meg
Hunden min ser på meg og lograr
Han er stolt av meg
Han synest eg er ein flink jeger
når eg kjem ut av butikken og har skote ein
leverpostei