Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rune Belsvik: Dustefjerten og den store sommarferieturen

Illustrert av Turi Frantze Lauenborg

Dette er den sjette og foreløpig siste boka i serien om Dustefjerten og naboane hans i det vesle landet ved bekken. Dei første fem forteljingane er samla i Den store stilige Dustefjert-boka.

No er sommaren komen, og det er tid for den store sommarferieturen. Snart er alle på veg ein stad dei aldri har vore før. Dustefjerten vonar nokon blir sjuke, så dei må gå heim igjen.

I det vesle landet ved bekken bur fantasiskapningar som er vanskeleg å kategorisere, dei er både barn og vaksne, dyr og menneske. Namn som Dustefjerten, Oktava, Kavringreven og Bollefisen verkar også underleggjerande, men likevel tiltrekkjande, sidan dei gjerne får det til å rykkje i smilebandet. Figurane har avgrensa, tydelege eigenskapar: Den ansvarlege den engstelege, den naive, den nysgjerrige, den tungsindige, den asosiale.

Belsvik held fast på ein bremsande skrivemåte som stiller andre krav til lesaren enn den handlingsorienterte barne- og ungdomsboka. Han kombinerer eit enkelt språk og ei enkel form med djup tenking, psykologisk innsikt og poesi. Karakterane leitar seg fram til kvarandre gjennom utprøvande samtale:

– Bollefisen! ropte Andungen
– Ja, blei det svart ganske stilt.
Andungen måtte sjå seg om. Så skjøna han kor lyden kom frå.
– Ligg du under senga?
– Ja.
– Lever du?
– Ja.
– Kvifor lever du under senga?
– Eg er ikkje med i denne forteljinga.
– Synst du og det er kjedeleg?
– Det er ingen som bryr seg om meg.
– Å?
– No kan eg ikkje snakke meir
– Kvifor det?
– Eg er ikkje med i denne forteljinga.
– Å nei. Adjø då!

Sjølv om skrivestilen er naivistisk er innhaldet relativt komplisert, med auge for eksistensielle problemstillingar vi møter gjennom heile livet: «Ingenting er for alltid,» seier Dustefjerten.

Bøkene om Dustefjerten er tungt prislønte, dei er også bearbeidde for radio og teater. Den gode mottakinga kan enkelt og godt oppsummerast slik Kirsten Kalleberg gjer det i si melding av boka på nettstaden barnebokkritikk.no: Det skrives ikke bedre litteratur for barn i Norge i dag!

Boka finst også som lydbok.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6