Sylvelin Vatle: Gubben som ville fanga jula i ein håv

Illustrert av Ellen Sjøwall

I ei spørjeundersøking no like før jul svarer over halvparten av dei spurde at dei set like stor eller større pris på eit personleg julekort som ei julegåve. I målgruppa for denne biletboka (5–10 år) er det kanskje ikkje mange som ville svare slik. Det er også bekymringa til Gubben, som ikkje har pengar nok til å kjøpe ei stor og dyr gåve til barnebarnet Georg.

Då landar noko merkeleg på fuglebrettet. Eit sjeldant, stort og lysande insekt! Er det ikkje forresten ein liten gut? Med venger? Gubben lokkar insektguten til seg ved å teikne fine teikningar i skisseboka si. Han vil fange guten og selje han til dyrebutikken.

Men den vesle engelen har andre planer. Gubben teiknar og guten forklarer. Om nissen, Josef, englane, Maria og Jesusbarnet. Om kong Herodes og keisar Augustus, om kona til Gubben som ikkje vil vere heime lenger, om dottera som er redd for mørket og om Georg som kanskje ikkje verken treng eller eigentleg ynskjer seg ei ny, dyr gåve.

Historiene som høyrer jula til vert fortalde med nye ord. Som eit moderne juleevangelium. Med friske barneauge og klokt barnesinn fortel den vesle engelen juleforteljingane på nytt. Slik at Gubben forstår kva jula handlar om.

Når kona kjem heim, har han fått ein god ide: «Kanskje eg og du kunne vera barnevakter for Georg om nettene. Så han ikkje ligg aleine, kunne ikkje det ha vore kjekt? Kona gjekk bort til Gubben, ho smilte så fint at snøen smelta i fjeset hennar. (…) – Då pakkar vi inn teikneblokka og gir ho til Georg til jul. Så løfter eg Georg opp på bestemorfanget mitt når han har opna. For vi skal sitta i gyngestolen ved peisbålet og høyra på deg mens du fortel om alle desse som du har teikna, sa kona.»

Dette er ei flott høgtlesingsbok, men ho er lenger enn ei biletbok vanlegvis er, 60 sider. Sjølv om ho ikkje er inndelt i kapittel, gjev fokuset på dei ulike personane i juleevangeliet ei naturleg inndeling. Difor eignar boka seg godt til daglege leseøkter i tida før jul. I ei melding av boka skreiv Ola By Riise: Mykje lun klokskap her. Ekte juleklokskap.

Boka er utgjeven på Landbruksforlaget.