Rune Belsvik: Verdas mest forelska par & Tøddel Blisterplytt

Verdas mest forelska par (2001)
Tøddel Blisterplytt (2005)

Illustrerte av Inger Lise Belsvik

«Alle stader i verda finst det eit forelska par. I dei største byar og i dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Dei finst overalt. Dei er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Dei budde på toppen av Bløygenbakken. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bidger og Esmilini. Esmiluni og Bidger. Dei var dei rette for kvarandre.»

I bøkene Verdas mest forelska par (2001) og Tøddel Blisterplytt (2005) tek Rune Belsvik oss med til ein stad som heiter Bløygen. Her bur det tretten personar. Staden er så liten at du kanskje ikkje finn han på noko kart. «Mange som har prøvd å finna vegen, kjørte feil og kom aldri fram. Men dei som bur der, veit at dei er komne til rett stad.» Her er matbutikken til Pinnesvein, fiskebutikken til Fiskeguri, julepyntbutikken til Bidger og Esmiluni og trøbbelkiosken til Bøttefanten. Hotellet til Sidvus Krem, bensinstasjonen til Bjørn Diesel og Bløygen Avis. Ein buss, eit kommunestyre og ein lyktestolpe.

Dei har det godt i Bløygen, men farane truar også her. Kommunestyret vil så gjerne få fart på turismen og auke inntektene. Ein lyktestolpe er for lite. Dei skulle hatt ti! I den første forteljinga sender dei Bidger og Esmiluni til verdsmeisterskapen i pludring og romantikk. Dei vil gjere Bløygen kjend og turistane vil komme strøymande, trur ordførar Rosina Myrl. Men å vere forelska på utstilling er ikkje enkelt sjølv for verdas mest forelska par.

«Da blir det plutselig ikke så enkelt å være forelsket lenger. Rune Belsvik skildrer sjalusi og savn, samtidig som han skriver om nærhet og omsorg. Dialogene avspeiler usikkerhet og misforståelser som enhver vil kjenne seg igjen i. Han har grepet fatt i forelskelsens vesen, han holder den opp og viser at den kan være sterkere enn alt, men at den også er skjør og dyrebar. Boken er en påminnelse, til oss voksne, ikke minst, om at vi må ta vare på kjærligheten, dyrke den, for at den skal vokse og trives.» (Anne Cathrine Straume, NRK)

Ordføraren er like bestemt på å få tak i turistar og pengar til kommunekassa i den andre boka, Tøddel blisterplytt. Innbyggarane er nøgde og glade, med det kjem altså ingen turistar for å helse på ordføraren. Ingen fest. Ingen hurrarop. «Det er ei hofse og eit slafs og eit plyrr!» sukkar ordføraren. Og i skuggane lurer keisemda. Bløygingane er redde for keisemda. Straks gledene begynner å krympe og folk blir slappe i humøret merkar keisemda det. Og straks ho høyrer nokon sukke, høgg ho til!

Å ta vare på kjærleiken i eit forhold og å ta vare på trivsel og venskap der ein bur, er viktige tema som Belsvik tek på fullt alvor, med humor som viktigaste verkemiddel. Desse bøkene er barnelitteratur med gode råd til den vaksne lesaren, filosofisk og finurleg godt fortalt, slik berre Rune Belsvik gjer det.

Verdas mest forelska par finst også som lydbok.