George Sanders: Dei utruleg utrøyttelege gapparane frå Fripp

Illustrert av Lane Smith 

Samfunnssatire kamuflert som barnelitteratur? I så tilfelle er det ikkje første gongen ein barnebokklassikar i utgangspunktet er skriven som satire for vaksne. Alice i eventyrland og Gullivers reiser er døme på det same. At vi har med ein klassikar å gjere er det ikkje tvil om. Den første barneboka til George Sanders kjem no ut på både bokmål og nynorsk.

I den vesle bygda Fripp lever Rongsane, Romoane, vesle Kapabla og far hennar av å selje geitemjølk. Men bygda er infisert av gapparar. Gapparane elskar geiter, dei festar seg i pelsen deira og hyler av glede. Geitene vert så redde at dei sluttar å mjølke. Borna i bygda må plukke dei små kråkebolle-aktige vesena av geitene, samle dei i sekkar og kaste dei i havet. Åtte gonger for dagen, like mange gonger som gapparane krabbar tilbake og festar seg til geitene på nytt. Slik har det alltid vore. Slik må det vel alltid vere? 

Vesle Kapabla ber namnet sitt med rette. På stillferdig, men ukueleg vis sel ho geitene og lærer seg å fiske. Moralen er enkel og god. Vi må hjelpe kvarandre og vere opne for at forandringar kan vere til det betre. Her er rikeleg med humor både i tekst og illustrasjonar som ungane vil le av og sjå ironien i. For den vaksne lesaren er det sterk kritikk av dei amerikanske samfunnsverdiane som vil dominere leseopplevinga. «George Saunders karikerer det meste av negative trekk ved USA, som konservative haldningar, trua på at alt kan kjøpast for pengar, samanblandinga av gudstru og individualisme, og sjølvsagt den amerikanske grunnhaldninga framfor nokon: Alle er sin eigen lukkesmed.» Petra J. Helgesen, BT.

Boka vert av fleire kritikarar omtala som eit kunstverk, illustrasjonane er særeigne og spelar svært godt på lag med teksten. Meldingane kan du lese på heimesidene til forlaget, www.skald.no.