Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kari Stai: Jakob og Neikob

stai_jakob og neikob_cover.inddOpplegg til boka:
Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Er det slik at kvar av oss har ein grunntone i seg, ein tone i ein skala med JA og NEI i kvar sin ende? Nokre av oss seier oftast ja og vert oppfatta som positive, medan andre helst svarar nei og vert stempla som negative. På same tid får ja-menneska høyre at dei må lære seg å setje grenser og seie nei, medan dei som er flinke til å seie nei vert oppmoda om å seie ja oftare. Møt Jakob og Neikob og lær korleis NEI kan bli til JA og kva tid JA heller bør vere NEI.

Jakob og Neikob bur saman i eit hus på ein bakketopp. Dei er gode vener sjølv om dei er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt og Neikob seier NEI til alt. Jakob har så lyst at Neikob skal seie ja og verte med på noko kjekt. «Hei, Neikob. Du seier vel ikkje nei til ein biltur? NEI, svarar Neikob.» På vegen møter dei ein tjuv! Han tek bollane deira og vil stele bilen. «JA, svarar Jakob, litt for fort.» Etter fleire uomtenksame JA-svar held dei på å verte krokodillemat alle saman. Men Neikob kan seie nei på mange språk, til og med på krokodillespråket! Jammen er Jakob glad for at Neikob er så flink å seie NEI!

Kari Stai er eit relativt nytt namn både som tekstforfattar og som illustratør. Ikkje mindre har ho laga ei nyskapande og flott bok som på same tid er lett å bruke og som tek opp ei allmennmenneskeleg utfordring. Illustrasjonane fyller heile sidene med reine linjer, sterke fargar og sterkt stiliserte uttrykk. Kollasj og papirklypp ser ut til å vere teknikken ho brukar. Det er lite tekst på kvar side, av og til berre ei lita setning. Lesaren innser snart at verken Jakob eller Neikob kjem til å forandre seg. Då vert det spennande og lærerikt å sjå korleis JA og NEI fører venene gjennom vanskar mot løysingar. NEI kan vere eit rett og viktig svar det er godt at nokon kan hjelpe oss å bruke. Særleg om ein sjølv er for snar å seie JA.

Det finst òg ein animasjonsfilm basert på første delen av boka:

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6