Terje Torkildsen: Marki Marco

Nyheita om at den serbiske leiaren Radovan Karadzic var arrestert på ein buss i Beograd gjekk verda over 18. juli 2008. Ikkje mange vekene etter kunne vi lese at øvstkommanderande for dei bosnisk-serbiske styrkane under borgarkrigen 1992–95, Ratko Mladic, vurderer å overgje seg til det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia i Haag. Folkemordet i Srebrenica i juli i 1995 vert eit av dei viktigaste tiltalepunkta mot dei to. Denne grufulle hendinga utgjer bakteppet for ein ny ungdomsroman frå Det Norske Samlaget.

Den no seksten år gamle Marco bur i byen Moulindam i Belgia. Han flykta frå Srebrenica og Bosnia saman med mor si då han var liten gut. Fuglelivet i slottsparken er den største interessa hans, han snik seg ofte innom murane for å ta bilete. Ein morgon oppdagar han ei naken, ung kvinne som står og røykjer. Ho ser ikkje han. Han fotograferer henne, og framkallar nydelege bilete av ei jente han berre vert meir og meir fasinert av. Kven er ho?

Kjærleik og action er viktige ingrediensar i denne spenningsromanen for ungdom. Terje Torkildsen debuterer med ein eventyrleg thriller! Boka er utvikla i samarbeid med 10. klasse på St. Svithun skole i Stavanger i skuleåret 2005/2006. I ei melding i Stavanger Aftenblad skriv Jon Askelund m.a: «Viss prosessorientert skriving og arbeid i grupper og lag nokon gong har gitt meining og framifrå resultat må det vere her.»

Møtet med den nakne kvinna vert starten på den verste og beste sommaren i Marco sitt liv. Fortida innhentar han på fleire måtar, både terroristar, mafia og sanninga om hans eigen far er med på å gjere livet farleg og vanskeleg for han. På same tid viser Marco mot og styrke, og med sterk integritet og vilje til å overleve greier han å ta vare både på seg sjølv og kjærleiken til jenta i parken.