Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marcello Toninelli: Dante

DanteDen guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet
Til nynorsk ved Bodil Moss

Italienaren Marcello Toninelli har laga ein humoristisk teikneserieversjon av det kjende visjonsdiktet til Dante, og det vesle forlaget TransFe:r har gjeve ut ei norsk utgåve, omsett av Bodil Moss.

Utgjevinga inneheld mange former for omsetjing og overføring, til dømes frå vers til teikneseriestripe, frå gammaltestamentlege tankar til moderne humor og frå italiensk til nynorsk. Til dømes er det interessant å sjå korleis Marcello har teke forteljinga frå diktverk til stripeserieformat. I teikneserieutgåva av Helvetet har kvar stripe eit sluttpoeng, og dei kunne slik ha fungert relativt greitt som frittståande vitsestriper. Samstundes skapar einskildstripene ei samanhangande forteljing som gjev godt innsyn i handlinga i komedien. Teikneserien er òg krydra med mange sitat frå Dante. I den norske utgåva er desse sitata henta frå Magnus Ulleland si omsetjing. Men Marcello gjer meir enn berre å attfortelja visjonsdiktet til Dante; han leikar seg med det, parodierer det og puttar inn referansar til det moderne Italia. Slik kan teikneserien fungera både som ei innføring i og ein moderne kommentar til Den guddommelege komedie og Dante.

Sjå ein smakebit frå serien på teikneseriesidene til Nynorsksenteret.

Fleire boktips

6–9
krim
dikt
unge vaksne