Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland: Dyrebare venner

Illustrasjonar: Tone K. Lileng

«Nett no er det du! For det er du som skal få lufta til å dirre av konsentrasjon no. Det er du som skal få kjenne at dei du les for, gir deg eit løft. Du skal få liggje på vinden og vere dobbelt så glad fordi du er så heldig å få lese for barn. Nett no er det du!» Erna Osland helsar til alle som les for born, og vi helsar godt nytt leseår med å tilrå hennar siste bok: Dyrebare venner.

Forlaget Mangschou har samarbeidd med Erna Osland om ein prislønt sakprosaserie som tel tre bøker med denne siste. Skarpe tenner, Fint å ha far og Dyrebare venner. Resultatet er svært godt, behovet er også stort. Å skrive ny og god sakprosa for born kan sjå ut til å vere ein bortgløymd sjanger mellom norske forfattarar. Med desse bøkene legg Erna Osland og illustratørane Marvin Halleraker og Tone K. Lileng lista høgt for dei som vil komme etter. Mange må likevel få god lyst å prøve når ein ser kor bra det kan bli!

«Har du ein venn? Ein venn som vil dele med deg? Og hjelpe deg når du er i fare? Dei fleste menneske synest det er fint og trygt å ha venner. Men mange dyr er og avhengige av at nokon hjelper dei eller samarbeider med dei.» (Frå baksideteksten)

Et eller bli eten. Det er regelen i dyreverda. Men naturen har mange løyndomar. Dei fasinerande forteljingane i boka handlar om livsviktige venskap mellom dyr som er heilt ulike. Om symbiose. Grevlingen og gauken er jaktkameratar. Karpa gjer reint i munnen på flodhesten. Oksehakkaren held huda til nashornet fri for lus og larver, sjølv om det av og til gjer vondt.

Erna Osland lengtar ofte tilbake til klasserommet og lesestundene ho hugsar med stor glede frå tida ho arbeidde som lærar: «Kor eg lengtar etter desse lesestundene! Å få by fram ein tekst som eg visste fortalde dei noko nytt, men som dei likevel straks kjende seg heime i fordi han var forma så elegant at han smaug seg inn i øyra, smatt inn i hjartet og sette blodomløpet i full sving.» Slike tekstar skriv Erna Osland!

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12